søndag 1. november 2020

Vel blåst i Grimelia

I blåsten på Blåfjellet i Grimelia i dag tidleg


I starten går ruta opp i det gamle gruveområdet

Elva frå Grunnevatnet og Mangevatna
 renn ned i det gamle gruveområdet

Olaug under toppen på Blåfjellet i dag

I dag vart eg med Olaug ein tur på fjelltrimposten på Blåfjellet i Grimelia. Det er ei god stund sidan eg har gått ruta frå Grimelia. Samanlikna med "Skylefjellsruta" heime i frå, er vegen her ute noko kortare. 

Historia til Grimelia kjenner vel mange. I nyare tid har her òg vore forsøkt med gruvedrift. Utan resultat. I dag ligg her mykje restar etter gruvedrifta i starten på stien til Blåfjellet. Deler av ruta går dessutan opp i haugar av grus og stein. Her står òg fleire skilt om farlege gruvegangar. Dette kan ein no like eller mislike. Spanande for ungar. Men fleire av desse tunnelane er ikkje spesielt godt sikra for "leik og spel". Så obs obs at ungane ikkje stikk seg vekk når ein går opp. Eg ville iallefall hatt eit spesielt oppsyn med dei.

Det er ein del myrparti på denne ruta. Og då spesielt midtpartiet som var veldig vått i dag. Men elles er dette ei fin og lett rute opp på posten. Godt merka av Dag Tore. På veg ned igjen traff vi ein kjenning frå Holmedal. Det vart tid til nokre ord i blåsten før vi kom oss heim igjen.  


Ingen kommentarer: