tirsdag 22. mai 2007

Barnebarnet mitt Hanna er 4 år!


Hanna gler seg til kake

Vi var oppom på Sunde i Førde i dag og fekk middag og blautkake, då eldste barnebarnet mitt Hanna var 4 år.
Olaug, Marie og Peter tok turen frå Stongfjorden.
Det vart ei kjekk stund og både ungar og vaksne kosa seg.

Eg fekk likevel tid til ein tur på Blåfjellet då eg kom heim igjen.
Drøymande 4-åring...

Der oppe bles det noko så utruleg at eg måtte ned på fire eit par gonger i værste kasta for ikkje å bli blesen overende utover fjellknausane frå Mangevatna. Heilt fantastiske krefter!
(No høyrer eg om total havari på vindmøller som ikkje toler den ekstreme vinden som kan førekomme (dei må og stenge ned produksjonen når det bles som mest)- lurer på korleis det skal gå når veirprofetane varslar endå meir ekstrem veir og vind i framtida pga den globale oppvarminga.... Eg tenkje framtidige turbinar på Staveneset skal få køyrt seg....vel, turbinane kjem nok ikkje opp då... men...
Totalhavari på ein vindturbin kostar jo nokre kroner....:-))

Heldigvis heldt det heldt seg opplett i går kveld elles hadde det vorte skikkeleg tøft. Kan vi snart tru på sommartemperaturar?


Vanvittig vind på Blåfjellet kl 19.15... -

....nesten kvalt...:-)

søndag 20. mai 2007

Miniputtfotball i Askvoll


Peter og pappa kosar seg på miniputturnering i fotball

Sjølvsagt gløymde eg kameraet i dag eg skulle vere med Peter på fotballturnering! Fortærande - til å grine av!

Det dundra med regn og hagl på tak og i vegger i dag tidleg vi sto opp. Då trudde vi at denne dagen aldeles rann vekk. Eg hadde bilen halv i klede og sko, minst to skift til katen, ja, for ikkje å snakke om meg sjølv. Det vart eit styr før vi kom oss av garde.. og kameraet låg trygt att..!
Olaug skulle jo av stad å servere i konfirmasjon - i utgangspunktet er eg ikkje sikker på kven som var heldigast av oss...:-)
Men det viste seg at mesteparten av kleda kom tørre og reine heim igjen...For dagen vart egentleg veldig bra den, sjølv om det var eit surt nordadrag i lufta..

Det var ei grøde med folk nede i Askvoll på turneringa - eit svare styr med ungar og vaksne. Det var ein haug med lag på 4 baner og det gjekk i eitt i seks - seks stive timar. Det starta kl 11 og Peter spelte siste kampen kl 15.45. Då hadde han fått med seg 4 kampar... mykje venting ja, som gjekk med til kaffi og vafflar, brus og pølse med brød etc....!

Ungane viste eit utruleg engasjement - og ein kan vel trygt seie at foreldra heller ikkje sto tilbake for det...:-)
Eg sjølv er ganske hås i kveld etter å ha heia på 7-åringen på si første fotballturnering...:-)

Det var tøft, svært og guten likte seg veldig godt - ikkje minst etter å ha scora 6 gonger mot Gaular og 2 mot Hyllestad.... Dette gav meirsmak og vi får tru guten held på lysta..!

Far sjølv var så gåen då han kom heim at han ikkje greidde å gå på fjellet...:-)

lørdag 19. mai 2007

"Tatt av vinden"


MMS av Olaug med luft rundt øyra på Smørkletten kl.17.00:-)

Sveitt, våt og stormfull trimtur til Smørkletten i Askvoll i ettermiddag med fruen. Det bles nesten like gale som sist vi var oppe i lag.

Smørkletten er veldig eksponert for synnavind då den ligg som ein propp i nordenden av Askdalen. Vinden får skikkeleg tak opp dalen før den treff den bratte og ganske lange bakken mot toppartiet,
der blodpumpa skikkeleg får køyrt seg....!
Det er heller ingen vegetasjon å snakke om lengst oppe pga veir- og vindforholda.
Til bygds igjen er det fint å springe, då her er god sti og lett å ta seg fram.

Smørkletten er herleg trim. Grei å ta i skodde, vind og regn pga god sti - aberet er sjølvsagt at vi må køyre ned til Askvoll, og gjerne ha med byteklede ved dårleg veir for ikkje å bli kalde heim igjen...
Godt å ha nokre gode tur-alternativ i dårleg veir!

torsdag 17. mai 2007

Å hei! å hi! å ti-ri-li-ti- å ti-ri-li-ti-ri-li-ti...


Og vesle Lerka,
ho hev det so,
at finn ho ein Tuve- Topp
fri fyr Snjo,
So kved ho i
med sin gladaste Song,
--- so trur ho på Vaar
med ein einaste Gong.
Å hei! å hi! å ti-ri-li-ti- å ti-ri-li-ti-ri-li-ti...


Vi vakna til ein strålande 17. mai. Morgonsola bada fjord og fjell i gull!
Eg såg allereie føre meg skinande bunadsøljer og nystrokne, kvite forkle....

Eg måtte berre ta meg ein tur ned på kaia og ta nokre bilder - det er ikkje ofte fjorden ligg blikkstille og blenkjer 17. mai....Og med den morgonsola i aust, er det berre praktfullt - som eit prospektkort frå National Geographic Society som har kåra dei norske fjordane til reisemål nr.1 i verda...Forstår vi dette vi som bur her - og har det (nesten) slik kvar dag?

Tradisjonen tru var det springing for ungane bak skulen som starta den offisielle dagen. Litt god konkurranse på morgonkvisten. Ungane likar dette like godt kvart år...
God drøs vart så avløyst av meittande rømmegraut med spekemat eller betasuppe. Så var det å gå laus på kaffi og kaker. Folketoget deretter gjekk rundt bygda i strålande ver og lindra fulle magar...

17. mai talar i år var Malmfrid Stang. I ein engasjert, tidsrett og god tale tok ho føre seg viktigheita av å vere patriotar i små bygder. Likeins å ta vare på kultur, organisasjonsliv, eit levande sentrum, og ikkje minst sjå trugsmål mot naturen som m.a vindmøller representerer mot natur og kultur på Staveneset.
Malmfrid tok så føre seg Per Sivle og hans forfattarskap og liv.

Det gjekk vidare slag i slag med musikkinnslag frå skulen, Fjorddur og allsong. Deretter hadde vi ein lang seanse med utdeling av premiar for store og små for springing, skyting, pilkast, hestesko, tipping i fleire slags variantar, natursti og eg veit ikkje kva. Programmet for dagen vart avslutta med flott sang av Liv Stang, Jorunn Gjerde og Jermund Ølnes på trekkspel. Jermund song så inderleg ekte solo etterpå. Utkledde damer sette tilsist endeleg punktum med sang om kvinners evige dilemma - slanking - før det var tid for kaffi og kaker, igjen, for dei som ville sitte attepå (trur det var mest damer)....:-)

Vi må berre takke for godt program for dagen, flott leia av konferansier Knut Løfsnes. Likeeins må maten nemnast - profft tillaga av Roy Ove Wiik.

Vi hadde ein alle tiders 17. mai - for min del sveitt avslutta med ein "rask ein..." på Blåfjellet i kveldinga..kakene fekk vere i denne omgang...:-)


Sjå dagen i bilder her
17. mai 2007

tirsdag 15. mai 2007

...eit lite vervindauge


Utsikt mot Svanøy 15.mai kl 18.30

Eg hadde teke med meg klede og sko i bilen i dag for å gå på Markehengenipa etter jobb. Forgjeves! Det såg dårleg ut tidleg på dagen, men utatt etter jobb var det striregn og skodde langt ned i fjella...Det var berre å kaste inn handkleet...
Etter middag såg det like gale ut. Eine bya avløyste den andre i tillegg til eit godt toreskrall. Eg hadde i grunn slått frå meg alle former for fjelltur...

Likevel...det slo brått om! Typisk nordaveir på kysten...skydekket opna seg! Så eg bestemte meg kjapt, heiv på meg ein joggedress, og fjellskoa etter all bløyta, og la i veg opp på Rinda og Blåfjellet.

Det vart ein flott trimtur i skiftande lys og uten nedbør som jammen gjorde godt etter eit par dagar i ro....så "nå går alle ting så meget bedre"..:-)
Blåfjellet 15. mai kl 18.30

mandag 14. mai 2007

Oase med livseleksir


Staveneset 14.mai kl 21.15

Knapt nokon stad er som Staveneset om du treng litt fred etter ein stressa kvardag. Du får ei indre ro i sjela av å sitte på pynten der ute å speide ut over havet med bølgjeskvulp opp etter svaberga. I solnedgongen....
Eg tok ein luftetur ut der i kveld. Det kalde nordadraget minte lite om sommarsdagen, men roa finn du alltid!
Alle treng ein oase med livseleksir - eg finn alltid min på Staveneset.....

Staveneset 14.mai kl 21.15

lørdag 12. mai 2007

"Pure alpine style"


Morgonstemning i Stongfjorden 12. mai

Nei, det vart ingen Førdetur i dag! (For dei som ikkje kjenner meg pendlar eg til Førde kvar dag til jobb i banken...!) Veret var for bra til det og eg valde Smørkletten i Askvoll i staden. Kjekt å vere tidleg på beina og få mykje ut av dagen!

Flott morgonstemning med lite trekk, lågt lys, skugge og morgonsol prega turen opp gjennom Askdalen. Syngande gjerdesmett, ringtrast, svarttrast, løvsangar og faktisk tårnsangar..krydra denne morgonstunda nett etter kl. 08 i dag!
Går det an å ha det betre ein laurdagsmorgon?

Vel oppe på toppen vart det sjølvsagt nokre bilder i dag og. Alden låg delvis i skodde og det gjekk nokre nordabyer ute i Bulandet. Ekspressen var på veg sørover..

Eg såg det kom ein person nedom botnen av den lange bakken då eg sprang ned igjen. Vel nede i møte vart eg litt i stuss då eg såg personen hadde god oppakning. (Du treng ikkje oppakning der nede!) Det viste seg at han trena til Josten på langs og ville bere ryggsekk til topps! Det forklarte jo litt meir. Eg var jo så lettkledd som det nesten gjekk an, og einaste eg bar på var kameraet:-) Det var litt morsomt...

Eg køyrde bort på Samvirkelaget etter å ha jogga ned dalen igjen. Fekk meg ei Pepsi og ein pizza-bolle og bestemte meg for å ta med Kalderasnipene opp frå Eidsfjorden før eg køyrde heim igjen....

Opp brattene frå Eidsfjorden såg eg byene gjekk ute i Alden, Atløynipa og delvis inn Stongfjorden. Her var det berre å gje på! Eg hadde kun Devold-trøya på meg - og uten hue! Oppe på toppen gjekk det faktisk snøbyer - og eg uten klede! Så det vart berre å knipse eit par bilder, før eg sprang ned igjen same vegen eg kom...
Eit stykke nede igjen mot Eidsfjorden sila sveitten (igjen) og det klarna bra opp, så det vart egentleg aldri noko action...:-)

To flotte turar er då i boks i dag, so no får eg vel roe meg ned resten av dagen...:-)

Smørkletten og Kalderasnipene før lunsj 12. mai

fredag 11. mai 2007

Isande nordavind på Vardenova


Vardenova 11.mai kl 18.00

Sjølv om sola skein det beste ho vann, var det eit styggkaldt nordadrag på Vardenova i kveld. Eg var jammen glad eg hadde med jakke og hue! I vinter har eg gått med ei ganske tjukk Devold undertrøye av meranoull med høg hals utanpå ei tynnare. Dette har stort sett vore nok når eg har hatt vindtett jakke utpå (men sjølvsagt lyt ein ha meir utstyr i sekken om vinteren i reserve - ofte dobbelt opp av alt og iallefall minst ei ekstra hue). Devold-trøya var god å ha i dag og, men jakka måtte til likevel. Det viktigaste er likevel hua - det er utruleg kor fort ein blir kald i skallen når ein har sveitta godt oppover og får vinden på seg når ein set seg ned!

Turen opp og ned gjekk elles heilt greitt. Snøen minkar godt i dei nordvende hellingane no. I dag var både steinskvetten og tårnfalken og komen på plass ovanfor Svædalsvatnet. Ved toppane er det likevel framleis haustfargar på gras og annan vegetasjon.

I morgon blir det kanskje Førde-tur igjen. Har lagt av nye fjellsko på Førde Sport som eg vil ta ein test til av, før eg bestemmer meg. Vart godt skuffa over at dei har slutta å forhandle La Sportiva, fjellsko-merket som eg har vore så nøgd med(som no har halvstørrelsar i nr og). La Sportiva har ikkje lenger forhandlar i Førde. Men vi får sjå om ikkje Scarpa gjer susen og...det viktigaste er at dei passar godt på foten.
Førde Sport har 20% rabatt på fjellutstyr for DNT medlemmer, så her er litt å hente på å handle her...
I tillegg til sko skal eg ha meg ei ny skikkeleg 3 lags Bergans jakke! Såg i siste Fjell og Vidde ein ny modell som heiter Rask - denne er sjølvsagt vind og vasstett, i tillegg til pustande og sømlaus. Interessant! Pengar til dette fekk eg jo til 50-års dagen, så dei er eg vel forplikta til å bruke på dette....

Vardenova 11. mai

onsdag 9. mai 2007

Utan blygsel og baklengs inn i framtida!


To (!)smågater ved Markavatnet til Fossedalen (forstørr)

Kraftbransjen;s kåtskap synest ingen ende å ta...No er det snakk om ei ny 132 kV linje frå Grov i Florø til Lutelandet og vidare til Gjøafeltet. Lutelandet vil og få ei linje frå Hålandsfossen i Dale og såleis få ein ynskt dobbeltmating. SFE Nett vil sende forhandsmelding til NVE i månadskifte mai - juni.
Eit av linjevala som blir sett på er frå Nedre Markavatn og over Langevassheia ved Nipebu. Dette er sjølvsagt totalt uakseptabelt ut frå ein naturvern-ståstad.
Den nye linja må sjølvsagt følgje eksisterande linjer eller aller helst leggjast i fjorden ned til Lutelandet (går det an å finne betre eigna område for å få realisert ein sjøkabel enn frå Florø til Lutelandet?)

Så her er det berre å brette opp skjorta og jobbe for alle naturkvalitetane her ute. Vi kan aldri tillate ei ny linje over fjellet på Askvollhalvøya - eit område som allereie er bombadert av kraftbransjen!



Utsikt gjennom 66kV småmaster til Fossedalshengenipa ved Krokavatnet

tirsdag 8. mai 2007

Fjelltur etter kontortid


Kaldrasnipene etter jobb kl 1745

Grei og god mosjonstur opp frå Eidsfjorden til Kaldrasnipene og fjelltrim-posten der oppe. Tok turen etter jobb og før middag (det går ikkje an å ete middag og så gå - då får eg problem med magen).
Eit godt triks er å ete litt før eg går frå arbeid, slik at magen ikkje er heilt tom når eg kjem heim igjen. Såleis kan eg gå med ein gong!

Det var ein god del våtare opp bratta frå Eidsfjorden i dag enn hin dagen. Det er ganske tungt å gå i væta opp der, sjølv om formen er god! Eg tok likevel joggesko i dag som sist. Desse vart sjølvsagt godt våte ganske fort. Dette gjer ikkje noko når turen er såpass kort og det ikkje er vinter.
Elles var det litt problematisk å komme seg over Eidselva oppe. Denne gjekk skikkeleg stri etter alt regnet. Så totalt gjekk det nokre minuttar lenger i dag enn sist...

Godt å kjenne at du har fått brukt kroppen litt etter å ha slite kontorstolen ein heil dag...

søndag 6. mai 2007

Eli Andrea sin konfirmasjon



Då er yngste jenta til Sillan og Tone konfirmert. Vi hadde ei veldig flott samling heime hjå dei i dag. Nydeleg koldtbord vart avløyst av x-antal kjempegode kaker.
Tone og Sillan snakka særs kjekt om Eli Andrea og ikkje eit auge var tørt då Sillan sang eigenkomponert hymne til dottera! Vakkert...
Vi kan berre alle takke for ei særs kjekk stund i Longehogen i Dale.

Eli Andrea sin konfirmasjon 6/5

lørdag 5. mai 2007

Vardenova til frukost - Smørkletten til kvelds


Olaug og Marie på Vardenova 5/5 kl 1215

Vi kom oss no endeleg av garde i dag på Vardenova. Eg var tenkt å gå ut att heile løypa til Stongfjorden, men fann ut at tida ikkje tillot det etter at m.a Olaug skulle til frisøren kl 09.00.
Avgang vart difor ikkje før kl 1030 heim i frå - langt på dag...
Kompisen til Peter- Markus frå Bergen- var komen på helgatur. Det vart difor til at Peter vart med han og vi for på Vardenova. Vi vurderte i utgangspunktet å ta med begge to, men heldigvis vart dette ikkje noko av...for det er bratt og snø på Vardenova endå...!

Eg har ikkje gått opp frå Svædalen til Vardenova før...Dette er på nord og vest sida av fjellet. I vinter gjekk eg gjennom Porten på ski. Her er det lettare og mindre bratt. I tillegg får sola tak i snøen her. Frå Rivedal og sørsida har eg gått fleire gonger. Det var bratt opp frå Svædalsvatnet, men faktisk ganske god sti. Eit par plassar var det litt kinkig for Olaug då ho ikkje likar at det er for bratt og her var det i tillegg snø, man ganske blaut...Så det gjekk egentleg veldig greitt opp.
Flott utsikt og ingen vind gjorde til at vi vart sittande ei stund på toppen å nyte sola og utsikta.
Turen ned igjen gjekk same ruta utan nokon problem.

Seinare på dagen i dag - etter grauten - køyrde eg ned til Askvoll og tok Smørkletten i joggesko og minimalt med klede.
Sidan vi skal i konfirmasjon i morgon og det kjem regnveir var det like godt "å ta han heilt ut"....:-)

Vardenova, Smørkletten o.a. 5. Mai

fredag 4. mai 2007

Bånn speed opp frå Eidsfjorden


mms Kaldrasnipene 4.mai kl 1913

Veldig bra trim-økt opp på Kaldrasnipene i kveld i joggesko og lite klede. Har funne ein rask og god sti opp på tørraste partia no der ein sparer ein god del tid og krefter (gå oppover i væte og myr er det tyngste som finst...!)

I morgon tidleg får vi sjå kva som skjer med skodda. Det dreg innover Skålefjellet no i kveld. Hvis det blir veir til det tek vi med Peter på Vardenova. Muleg eg går ut att heile den merka løypa og nedatt i Stongfjorden gjennom Gjerdedalen for å sjå korleis vardane og merkinga er.
Vi har jo tur frå Stongfjorden til Nipebu og Bygstad i juni...!

torsdag 3. mai 2007

Stifinnaren


Nordkanten av Markahengenipa 3/5 kl 1815

Eg duppa av i tørre lyngen oppe ved Markavatnet i stad då eg måtte vente på Agnar. Trur ikkje eg skal rippe opp i grunnen til dette...Men det gjorde no godt likevel rett etter arbeid. Vi gjekk opp den vanlege ruta til brua oppe i ura under Krokavatnet. Deretter opp stigninga mot vest og opp til der eg måtte gjere vendereis i vinter fordi eg ikkje kom meg opp over den store forkastninga. Det viste seg at snøskavlen i skåra som eg tenkte på låg her endå og det var umogeleg å komme opp. Vi prøvde difor lenger framme på nordkanten, og fann nokre bratte skårar og kløfter i nesten loddrette svaberg vi måtte klatre for å komme over. (Her var eg i ferd med å passere min "limit"...og eg anbefalar ikkje å gå så langt nord i starten opp på sjølve topplatået....utan tau!!)

Vi kom oss såleis over og forbi første forkastninga heilt på nordkanten av nipa. Men det var stadig problem med å komme seg forbi fleire forkastningar og tjenn vidare oppover heilt her framme på nordkanten.

Så hamna vi bort i nokre vardar som viste seg å gå mot toppen. Desse følgde vi greitt heilt opp. Denne vegen er nok ikkje særleg egneleg om vinteren vil eg tru, då her er både bratt og nordvendt.

No har vi nok funne snaraste ruta opp - iallefall når her er snøfritt...Beste vegen blir då å følgje heile den lange aust/vest forkastninga oppover og kanten på siste nordryggen opp. Vi har sett opp nokre vardar her som vil bli utbetra etterkvart. Du tek av frå løypa ved brua og går skrått opp og sørover mot Fossedalshengenipa før du tek beint vest på ryggen.

Uansett - her er eit rotete terreng og det er ikkje så veldig mykje å spare på å gå opp på framsida mot å ta heile platået nordover frå under Fossedalshengenipa...Iallefall hvis du vil ha ein meir behageleg tur.....

Markahengenipa 3/5

På veg til jobb 3/5

onsdag 2. mai 2007

And the times they are a;changin...


Smørkletten 2/5 kl.18.30

Ikkje mykje likt på Smørkletten i kveld i forhold til siste turen 22/4, då vi ikkje såg nokon ting, var klissblaute og måtte ned på fire for å halde oss på beina for vinden på toppen...!

Berre lækkert....Lette joggesko og nesten uten klær.., kunne springe på tørre bakkar, tørre steinar og god sti...Er det rart kjea hoppar og sprett når dei kjem seg ut om våren? Det er så ein blir heilt yr når vårsola varmar i bakkane.
Herleg mosjonstur inn Askdalen og opp den bratte og ganske lange kneika på Smørkletten med jogg nedatt i kveld med andre ord....åååå - det gjer så godt å kjenne endorfinane sprengje i kroppen...:-)

I morgon skal Agnar og eg finne beste og raskaste vegen på nordsida og opp på Markahengenipa. Turen tek eg etter arbeid og før eg reiser heim igjen...til kvelds...:-)
Turutstyret får overnatte i bilen i natt...!


Smørkletten 2.mai kl 18.30

tirsdag 1. mai 2007

Familieturar 1. Mai


Idyll frå Markahengenipa 1. Mai kl 12.30

Del 1

Vi hadde ein flott familietur til Markahengenipa i dag frå Markavatnet. Det var første turen til Olaug, så no veit ho ein av veiene opp og kan gå åleine. Peter klauv opp som ingenting. Eg prøver å få han til å forstå at han ikkje skal springe (intervalltrening er hardt!), men heller finne eit jamnt tempo. Dette er visst ikkje så lett å skjøne, for det går ofte i rykk å napp, spesielt ned...og då er det berre å hive seg etter!

Det er no artig for 7-åringen å få skrive seg inn i tur-bøkene tilliks med oss vaksne (han manglar no berre Vardenova eller så har han vore heile runda + 6 gonger på Blåfjellet). Den skal vi ta ilag snarast når snøen er vekke her på nordsia (eg har vore to gonger på ski...)

Elles får vi sjå om Olaug og eg kan gå på Kaldrasnipene frå Eidsfjorden no i kveld. Det blir ein topp solnedgong her på vestsida!

Familietur til Markahengenipa 1.mai


Del 2


Utsikt under Kalderasnipene 1. Mai kl 17.15

Då tok madamen og eg Kalderasnipene og!! Istadenfor kveldstur med solnedgong, gjekk vi nesten med det same Marie og Ida kom igjen frå Blåfjellet og kunne passe Peter (dei er visst stad og filmar video og film borte hos Ida).

Det er første gongen eg har gått opp frå Eidsfjorden. Det er ganske så bratt opp igjennom. Du skal vere bra motivert, før du går laus på bakkane der nede:-) Vel, det vart eit bra race og som de ser av bilda så ser vi stort sett berre ræva av Olaug....Det fortel vel sitt - ho er i god form den dama no!

Flott tur i vårlege terreng, sjølv om det er ganske tørt og vissent oppe mot toppane. (Eg gjekk opp i joggesko no...). Det er lite mat på fjellbeite endå!
Men det var utruleg å sjå på Markahengenipa, der eg gjekk forrige lørdag med snø opp under knea...- der var det ingen ting igjen...og vatnet eg gjekk isen over på då, der var det no fullstendig isfritt!
Det er vel slikt ein kallar for vårløysing...Snøen som fell i april har jammen kort lengde....

Kalderasnipene til kvelds 1.mai