tirsdag 21. april 2026

Fantastisk fjelltrimdag

Dagens selfie 
Nydeleg utsikt til Rivedal, Straumsnes og Dalsfjorden

I dag gjekk turen til Rivedal og opp på fjelltrimposten til Askvoll idrettslag på Røyrbotnholten (link eigne bilder). Som eg skreiv her om dagen er det mange flotte triminitativ å vere med på om dagen. Stolpejakt og TiTur Dalsfjorden og så fjelltrimmen rundt om på dei høgste toppane i kommumen. Fjelltrimmen ligg ute heilt året. Både som registreing på app og på bøker. Applaus til alle som syter for dette!

Det var eit aldeles praktfullt vårvèr i dag. Sol frå skyfri himmel og vindstille. Dalsfjorden låg speglande vårglad. Og etter at bøane i Rivedal var sprøyta med gylle kunne ein formeleg sjå graset gro. Så flott! 

Eg parkerte ved den vanlege tilrettelagde parkeringsplassen ved kraftverket. Gjekk opp kraftvegen til demma. Morgonsola varma allereie i ryggen klokka 09.30! Vidare gjekk ruta over myrane vest om Lisetstølen. Her brukar det å vere ganske tungt å gå i all væta. I dag var det faktisk ganske tørt. Så gjekk turen vidare opp dei bratte bakkane på sørsida av fjellet og opp i DNT-stien som kryssar vest/aust frå Stongfjorden til Nipebu. Derette opp skåra på sørvest sida til toppen. Perfekt. Nydeleg utsikt. Og eg kunne kose meg med både skiver og Solo! Luksus! 

Eg sat vel ein god halv-time på toppen og naut livet. Nesten litt sjeldsynt å sitte slik på ein fjelltopp i strålande solskinn og vindstille i april 😎

Turen ned att gjekk same vegen. No med vårsola i ansiktet🌄Fantastisk følelse å kome seg opp i høgda denne dagen 😍

fredag 17. april 2026

Trimprioriteringar

Mangevatna i grått vårvèr i dag tidleg

Tre havørner heldt meg med selskap

...ved Mangevatna

...og heime igjen

11.april gjekk TiTur Dalsfjorden26 og Stolpejakten av stabelen. I tillegg har vi fjelltrimmen som pågår heile året. Så, ja, vi har rikeleg med trimalternativ å vere med på om dagen. Av og til nesten litt "vanskeleg" å prioritere kva alternativ ein skal velge😎. I dag tok eg iallefall årets første besøk påTiTur posten oppe på Skylefjellet etter at registreringa starta. Nesten litt sjølvsagt sidan fjellet ligg på heimebane på nordsida av Stongfjorden.  

Det var overskya vèr i dag og god vårtemperatur. Og litt vind i høgda. Stien opp var forbausande tørr og fin. Eg valde å gå vegen ned igjen via Mangevatna og til Svartevatnet og heim. Kjekk tur! Og 1 besøk på TiTur registrert😁

Fotoserie Skylefjellet arkiv

fredag 10. april 2026

Pensjonist-åra

På Møteplassen i Askvoll har vi det kjekt


Pensjonist-åra går. Og det har naturleg nok blitt mindre med fjellvandring. I alt slags vèr og vind. Til alle årets og døgnets tider. Eg har opplevd det meste slik sett. No blir det meir koseturar i bra vèr. Og gjerne ein dagleg trimtur i låglandet. Kanskje like greitt. Etter som det dreg seg til med fleire år på rumpa 😄.

I utgangspunktet var bloggen min ein rein turblogg. Med bilete og turopplevingar. Og gjerne som ein motivasjon til andre og nytte fjellområda til fysisk og psykisk fostring - som det heiter. I spesielle høve har eg likevel nytta bloggen min til andre ting. Som i dette tilfellet. 

Dei par siste åra har eg funne glede i å treffe "flokken" på Møteplassen. I dei flotte lokala til bibliotektet i Askvoll. Og gamlebanken. Som enkelte gjerne veit er eg nærast fostra opp i ein bokhandel. O.A.Skaar dreiv bokhandel i Dale i mange år - der for det meste mor mi, Målfrid og bestefar min Gustav, hadde den daglege drifta. Og så jobba eg nesten 40 år som bankmann. Så blant bøker og i (gamle) banklokale kan eg godt seie at eg trivast endå. 

To gonger i veka møtest vi på Møteplassen. Litt ulikt antal. Og mest menn. Praten går livleg. Om alt slags tema. Frå Trump til kommunale avgifter, straum, høyreapparat, vegar, vèr og vind og digitale problem. Om buforhold. Og politikk. Ja, knapt eit tema er utan diskusjon. Merkeleg nok har det aldri gått spesielt hardt føre seg i praten. Kanskje er det noko i uttrykket at vi har kome til sjels år og alder å gjere 😃. 

Under er forresten eit tema vi hadde føre oss her om dagen. Lagt fram av Einar Arne Herland. Veldig interessant. 


Eg vil på denne måten få takke Askvoll Røde Kors, Askvoll frivilligsentral og  Pensjonistforbundet i Askvoll som står for Møteplassen. Dette er verkeleg eit veldig flott tiltak de står føre. Så kan vi alltid håpe på at endå fleire dukkar opp på biblioteket mandag og onsdag klokka 10-12. Vi har alle behov for god sosial omgang. Kanskje endå meir di eldre vi blir. Vi har det veldig triveleg på Møteplassen (og kaffien og noko å bite i er nesten gratis😃). God helg!   

torsdag 9. april 2026

TiTur Dalsfjorden og Stolpejakt - oppstart

Skylefjellet er post på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden - her er det flott utsikt til dei flotte Mangevatna 
Bildefilm Skylefjellet her 

Frå Kalderasnipa er det flott utsikt til Askvoll fjella i vest 
Bildefilm Kalderasnipa(ene) her

Både TiTur Dalsfjorden og Stolpejakta  startar opp i kommunane Askvoll og Fjaler i helga. Askvoll kommune har lagt ut følgjande info på sine heimesider

"Løypene på Stolpejakten er varierte og familievennlege – frå sentrumsnære turar til naturskjønne rundløyper. Stolpane er mellom anna plasserte i Kvammen, Stongfjorden, Askvoll, Holmedal, Rivedal, Atløy, Værlandet, Bulandet, Dale, Haugland og Ytre Fjaler".

God tur og God jakt!


torsdag 2. april 2026

Herleg påsketur

Dagens selfie

Mangevatna

Mangevatna med utsikt til Toreheia og Yndestadhøgeheia

Frå vèrmeldingane å dømme skal dagen i dag, Skjærtorsdag, vere den einaste dagen denne påska med fint vèr. Så heldigvis fekk eg bruke deler av denne til ein tur på Skylefjellet og Blåfjellet her heime. Eitt av dei finaste fjellområda i kommunen. Kortreist frå dørgotta. 

Etter ein dag med skikkeleg regnvèr i går, var det vått første biten opp til Rinda. Men eg hadde (sjølvsagt) teke på meg Scarpa fjellskoa for å halde meg tørr på føtene. Vidare frå Rinda til Svartevatnet låg det snø. Litt variabel mengde, men ca 10 cm på det meste. Her oppe tok dessutan nordavinden ganske friskt. Som vi veit er fjella på nordsida av Stongfjorden temmeleg eksponerte for alt slags vèr. Og vinden kan vere ganske så ekstrem. I dag var det vel berre frisk bris. Men temmeleg kald. 

På toppen av Skylefjellet bestemte eg meg for å gå vest til Blåfjellet òg. Så fekk eg meg ei litt lenger runde. Her ute sat eg ei stund litt i ly bak varden før turen gjekk inn att sørsida av Mangevatna. Og ned att same ruta eg kom opp her aust og heim igjen. 

Skylefjellet er ein av postane på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden. Med oppstart 11.april. Merkinga frå skiltet ved vegen til toppen skal vere bra. 

Folk traff eg ikkje på turen før eg kom ned igjen til hovudvegen. Då fekk eg meg ein god prat med eit par frå Jølster som tenkte seg på Skylefjellet. For første gong. Dei fekk no ferske spor å gå etter. Herleg påsketur!

Foto Skylefjellet & Blåfjellet 020426

Bildefilm Northern Lakes, Stongfjorden