![]() |
| Mangevatna i grått vårvèr i dag tidleg |
![]() |
| Tre havørner heldt meg med selskap |
![]() |
| ...ved Mangevatna |
![]() |
| ...og heime igjen |
11.april gjekk TiTur Dalsfjorden26 og Stolpejakten av stabelen. I tillegg har vi fjelltrimmen som pågår heile året. Så, ja, vi har rikeleg med trimalternativ å vere med på om dagen. Av og til nesten litt "vanskeleg" å prioritere kva alternativ ein skal velge😎. I dag tok eg iallefall årets første besøk påTiTur posten oppe på Skylefjellet etter at registreringa starta. Nesten litt sjølvsagt sidan fjellet ligg på heimebane på nordsida av Stongfjorden.
Det var overskya vèr i dag og god vårtemperatur. Og litt vind i høgda. Stien opp var forbausande tørr og fin. Eg valde å gå vegen ned igjen via Mangevatna og til Svartevatnet og heim. Kjekk tur! Og 1 besøk på TiTur registrert😁
Fotoserie Skylefjellet arkiv




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar