![]() |
| Dagens selfie |
![]() |
| Nydeleg utsikt til Rivedal, Straumsnes og Dalsfjorden |
I dag gjekk turen til Rivedal og opp på fjelltrimposten til Askvoll idrettslag på Røyrbotnholten (link eigne bilder). Som eg skreiv her om dagen er det mange flotte triminitativ å vere med på om dagen. Stolpejakt og TiTur Dalsfjorden og så fjelltrimmen rundt om på dei høgste toppane i kommumen. Fjelltrimmen ligg ute heilt året. Både som registreing på app og på bøker. Applaus til alle som syter for dette!
Det var eit aldeles praktfullt vårvèr i dag. Sol frå skyfri himmel og vindstille. Dalsfjorden låg speglande vårglad. Og etter at bøane i Rivedal var sprøyta med gylle kunne ein formeleg sjå graset gro. Så flott!
Eg parkerte ved den vanlege tilrettelagde parkeringsplassen ved kraftverket. Gjekk opp kraftvegen til demma. Morgonsola varma allereie i ryggen klokka 09.30! Vidare gjekk ruta over myrane vest om Lisetstølen. Her brukar det å vere ganske tungt å gå i all væta. I dag var det faktisk ganske tørt. Så gjekk turen vidare opp dei bratte bakkane på sørsida av fjellet og opp i DNT-stien som kryssar vest/aust frå Stongfjorden til Nipebu. Derette opp skåra på sørvest sida til toppen. Perfekt. Nydeleg utsikt. Og eg kunne kose meg med både skiver og Solo! Luksus!
Eg sat vel ein god halv-time på toppen og naut livet. Nesten litt sjeldsynt å sitte slik på ein fjelltopp i strålande solskinn og vindstille i april 😎
Turen ned att gjekk same vegen. No med vårsola i ansiktet🌄Fantastisk følelse å kome seg opp i høgda denne dagen 😍


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar