Fisma og Eidsfjorden - bilen står midt i bildet ved vegen
Mot Dalsfjorden - Bakkevatnet midt i bildet
I dag tidleg parkerte eg ved Eidsfjorden og gjekk opp dei bratte bakkane til Eidsvatnet. Og vidare opp endå fleire bratte bakkar til Kalderasnipa og TiTur posten. Det vil seie eg fann ikkje TiTur Dalsfjorden posten på sjølve Kalderasnipa/ene, men på toppen eit stykke mot aust og nord for Dokka. Litt kortare dette når ein går opp Grønene frå Vikastølen, men litt lenger for meg! For i lett forvirra tilstand gjekk eg opp på begge toppane lenger vest før eg dilla meg til å sjå på appen kor eg kunne finne den berømte raude postkassen. I all beskjedenheit kan eg vel seie at eg har vore på Kalderasnipa før då... 😄. Men registrert meg fekk eg no😎 (Kanskje greitt å følge merking frå Vikastølen i Holmedal).
Elles var det heilt vindstille til eg nådde opp på toppen. Og knall sol frå skyfri himmel. Med nydeleg utsikt til fjella vest i Askvoll, Fisma og til Dalsfjorden. Elles er det supert å gå opp frå Eidsfjorden no før det gror seg til i dei nederste bakkane. Du kjem deg fort opp i høgda! Under ligg foto og ein videosnutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar