søndag 26. april 2026

Fjelltrim Kultingane

Eit minne frå Kultingane i ettermiddag


Moldura, Kalderasnipene og Dokka. Dalsfjorden og Bakkevatnet t.h.

Askvoll

Etter å ha vore på besøk i Skjolden i helga, og komne vèl heim igjen, tok Olaug og eg turen til Askvoll og gjekk på Kultingane. Ein av postane på årets utgåve av fjelltrimmen i Askvoll. 

Knusk tørt i terrenget no. Og Presteelva berre ei lita sitle! Elles grønkast det nede i Askdalen. Men lenger oppe er det berre brunt fjorårs-gras endå. Og snøen er heilt vekke. Det ligg berre litt igjen på Moldura og oppe i Dokka (bilde nr. 2). Verdt å nemne er det flotte arbeidet som har vore gjort på første delen av vegen ved Presteelva. Her går det fint å trille både barnevogn og rullestol no. Veldig bra!

Ingen kommentarer: