tirsdag 27. oktober 2020

Rivedal morgon

Det er flott utsikt frå Vardenova - 
her m.a. Skredvarden og Alden, Dokka, Kalderasnipene, Hekkelfjellet og Moldura

her Skålefjellet med Nipane,
i midten bak Yndestadhøgeheia og Toreheia t.h.

her m.a. Blegja og Storehesten (Kvamshesten) bakerst - 
og Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Skålefjellet (Gaular) og Laukelandshesten

Klokka var vel passert 08 då eg var tilbake i Rivedal i dag tidleg for ein tur på Vardenova igjen. Nydeleg morgon med nokre få plussgrader. På veg oppover kraftvegen vart eg møtt av den vanlege friske trekken ned dalen. Om hausten, og før sola har stått opp, er det ganske kaldt opp denne delen. Ein har jo heller ikkje fått varmen i kroppen. Så hetta på jakka måtte plent opp....

Ved demningen rann dei første solstrålane for dagen på Smørskornova, Røyrbotnholten og Vardenova. 


Morgonsol på fjella i Rivedal
(Vardenova t.h. bakerst og høgst)


Det var ein god del væte i myrane nordover dalen. Som vanleg. Sug godt dette. Og spesielt opp første bakkane under Røyrbotnholten var myrane tunge. Med litt tyngre fotty no enn om sommarsdagen, krev desse myrane energi. For å seie det på den måten. Men no fekk eg vinsten med første solstrålane for dagen. Like godt kvar morgon. Stimuli. Og så gløymer ein brått pusten....

Sola renn over Stølsfjellet - 
Rivedalskletten t.h.

Austover den T-merka delen av denne ruta gjekk det lettare. No låg likevel dette partiet i skugge, og med litt våte berg etter natta så måtte eg passe på fotfestet. Det er flott utsikt opp på Vardenova her i frå. Under i morgonsol i dag.
   
Skåra opp på framsida diagonalt i fjellet

I dag valde eg å gå den merka ruta opp. Sidan eg ikkje har sett merkinga her før, men gått skåra på framsida. Og elles aust frå. Det såg heilt fint ut. Men det er ganske så bratt opp både her og på framsida. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at Vardenova kan ha sine utfordringar vinterstid med snø, skare og is. Bratt og luftig både her og der....😨 Men det er jo veldig flott utsikt på toppen då. Som nemnt før. Fjellet er lett synbart frå alle kantar. Sjå foto-link. 

Dagens Vardenova selfie


Rett nedom fjellet på veg ned att traff eg så på Dag-Tore i dag. Han hadde fri midt på dagen. Vi hadde oss ein bra prat der i sola. Han har gitt T-merkinga her oppe eit nytt strøk. Godt jobba (igjen).   

Traff på Dag-Tore under Vardenova i dag tidleg

Deretter gjekk returen ned under Røyrbotnholten og myrane til demningen og Rivedal igjen. På veg ned att her forsvann sola i eit tjukt skylag frå sør. Så i dag var det veldig greitt å vere tidleg på an....😎

Tilbake i Rivedal i fine haustfargar

Foto Vardenova 271020 

YouTube still-bilder (hugs HD)



Ingen kommentarer: