torsdag 15. oktober 2020

Mission Completed (7 siste del)

Fantastisk utsikt frå Markahengenipa -
her mot Stordalen

Skjerlia, Mandelia og Hatlelia ved Markavatnet

Yess, så var stålboksen frå Indrevågefjellet flytta til Markahengenipa. Og då var alle oppdraga på lappen min i høve merking/bøker o.a. fullført for fjelltrimmen 2020/2021. Kjekt å få vere med på den praktiske tilrettelegginga på dei nye toppane. Her finn du Fotoseriar og ruter.   

Og for ein start! Boka på Markahengenipa hadde allereie fått 25 namn i dag tidleg! 18 hadde vore oppom Blåfjellet i går morgon. Og etter kva eg erfarer er det minst 20 namn i boka på Kalderasnipa.... Det må jo seiast å vere veldig bra berre 4 dagar inn i årets sesong. Sjølvsagt har det noko med vèret å gjere - for det har vore vanvittig flott, men det fortel òg at fjelltrimmen blir sett pris på av mange. Difor er det jo sjølvsagt også veldig kjekt å vere med på det praktiske arbeidet. 

Morgonsol over Markahengenipa t.h. 
Mange kjende fjell i synsranda.

Skjerlia, Mandelia, Hatlelia

Turen i dag var som mange av dei andre i det siste - heilt fabelaktig! I det fantastiske vèret, og i dei stille morgonstundene vi no har hatt, er det vanskeleg å rangere den og den turen... Det er vel ikkje meininga heller. Og kanskje er det alltid den siste turen som er best? Uansett var det utruleg å få oppleve Markahengenipa i dag tidleg. Soloppgangen ved Fossedalshengenipa. Og dei første raude solstrålane over det eineståande landskapet i vest! Over alle dei kjende fjella. Og ikkje minst sjå dei flotte gardane i Skorvemarka. Sett både ovanfrå og ved vatnet. Ein kan bli reint matt og religiøs i slike stunder.... Så ja - det vart nokre bilder i dag òg. Bilder fortel nok ikkje alt... Kanskje meir enn ord. Men stunda der og då, åleine, i all denne flott naturen, den må berre opplevast sjølv. Difor må ein berre vere så inderleg glad så lenge ein har helse til det.

Foto Markahengenipa 151020

Ingen kommentarer: