Eg køyrde i meg nokre saueribber etter jul i dag som nesten aldeles heldt på å ta knekken på meg. Det er nesten slik at eg trur juleribber utviklar seg til reine gifta når det lir ut på våren. Ja, når saueribbene ikkje er oppetne til påske er iallefall mitt råd å grave ned heile stasen på ein godkjend fyllingsplass for spesialavfall. Det er iallefall siste gong eg et slik mat ut på vårparten. Juleribber høver vel neppe som grillmat ved jonsokbålet heller...
Utan å gå noko nærare inn på diagnosar, råna eg no endeleg sopass til igjen ut på kvelden at eg tok meg ein springmarsj i Askdalen og opp på Kultingane. Nokre sure rap i motabakkane tok no sørvestkulingane seg godt av. Og like godt - det var heller ikkje eit menneske å sjå. Stien opp dalen var nesten ei einaste elv. Moldbakkane oppover gjennomvåte og sleipe. Og på toppen reiv kulingen i kroppen. Elles heldt det seg opplett.
Vel, kroppen hadde iallefall godt av turen. Likeeins magen. Men folkens - eit godt råd: Hiv ribbene du måtte ha i frysen etter jul. Det er reine gifta!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar