lørdag 1. april 2023

Kjempetur heime

Utsikt heim til m.a. Yndestad frå Yndestadhøgeheia 2

Yndestadhøgeheia 1 og 2 i skaret mot Toreheia
Stavenesodden t.h Skredvarden på Atløy med snø på t.v.
Hovden på Atløy og Alden i midten

Mange fjell i aust - 
Frå venstre mellom anna - Blegja, Storehesten, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Vardenova, Skålefjellet og Svarthamrane

I dag gjekk eg den fantastiske ruta heime i frå og til Yndestadhøgeheia 1 & 2, vidare til Toreheia og vest til Skylefjellet og heim igjen. Herleg tur i strålande solskinn og rundt null grader då eg starta i 8-tida. Eg sette på ein gpx-tracker då eg ved skiltet som det står Skylefjellet på ved vegen. For å ha dette sporet til TiTur Dalsfjorden som opnar 1.mai. Som vi veit er Yndestadhøgeheia (1) eller Yndestadheia ein av toppane på årets program. 

Innover Yndestadhøgeheia låg det noko snø. Det var både laust og skare om eit anna. På toppen av Toreheia var eg ganske pløst - for å seie det slik...Men du verda for ein fornøyelse det var å sitte ved varden og nyte nokre bitar melkesjokolade og saft. Strålande sol, ikkje ei sky på himmelen. Og panoramautsikt i alle himmelretningar. Toreheia er eit fantastisk flott fjell! "Heimefjellet" mitt... 

Påskestemning på Toreheia

Turen vestover fjellet og til Skylefjellet gjekk heilt greitt òg. Litt snø her og der. For ei utsikt til havs... Isen ligg endå på Krikavatnet og Mangevatna. Sein issmelting i år. Men isen er sjølvsagt ikkje til å gå på. 

På veg ned igjen til Yndestad traff eg folk. Først ein kjend gamal kollega. Deretter ein kar frå Holmedal. Eg slo sjølvsagt av ein god prat med dei begge. 

Heime igjen 

Fantastisk start på påska dette. Håpar det held fram slik.  

Foto under på link 

   Yndestadhøgeheia 1&2, Toreheia, Skylefjellet 010423

Ingen kommentarer: