lørdag 15. april 2023

Merking TiTur Dalsfjorden

På ruta til Yndestadhøgeheia er det utsikt til tidlegare TiTur toppar.
På bildet ser vi Hovden på Atløy og Høgeheia på Stavenesodden ute ved havet.
Skylefjellet ligg utanfor høgre bildekant (sjå video under).

Utsikt mot aust frå TiTur-posten til Krikavatna og Toreheia.
Yndestadhøgeheia er fleire toppar som vi ser med snøflekker til høgre.
Det er fint å gå alle toppane austover til Toreheia. Deretter ned att til Skylefjellet utanfor venstre bildekant og retur til Yndestad ved Stongfjorden.

Video 15/4

Då er ruta til Yndestadhøgeheia merka for opning av TiTur Dalsfjorden posten her 1.mai. Det vart litt tyngde opp med nye merkestikker! Så får vi tru at ikkje folk forvillar seg vekk om havskodda skulle sige på. Ruta er elles merka slik at det skal passe for ein senior-tur hit òg (eller best for ungar). Såleis at vi går opp til hytta rett vest for Krikavatnet (hytte nr.3.) og tek den ganske korte bakken opp mot sør. (Ei anna litt kortare rute er å gå opp ranen frå dalen). Eg har tidlegare laga eit gps-spor av denne "nye" ruta som du finn på ut.no her.

Tidlegare Blogginnlegg her

Fotoserie Yndestadhøgeheia under

Ingen kommentarer: