søndag 9. september 2018

Med tannlegen

Marie i fønvinden

Mot Dale frå Driveknolten
Mot Fossedalen frå Nonsholten


Namn i boks
Mission Completed





Eg følgde Marie på Nonsholten i dag (lørdag). For at ho skulle få i boks fjelltrimmen. Sjølv om ho bur i Bergen likar ho å få med seg diplomen på årets fjelltrim. Når det no minkar på dagane før neste års sesong startar, var vi nøydde å gå i dag. Ho kom nærast eins ærend. 

Veret var heilt høveleg. Faktisk 20 grader heime då vi reiste. Med litt fønvind frå aust. Eg gjekk heile turen i shorts og t-skjorte. Nydeleg. Undervegs hadde vi gode samtalar. 

Vi visste Janne og Frode også skulle gå. Dei starta ei stund før oss. Vi såg dei i himmelsjå under Høgknolten. Men medan vi gjekk opp skaret, gjekk dei svaberga ned under (eg likar best skaret opp). Av den grunn såg vi dei ikkje att før vi var på returen rett aust om Nonsholten. Frode bar kvelpen dei hadde med seg då dei ikkje ville han skulle gå så mykje. Kvelpen var forresten ein livleg kar. 

Janne, Frode og Marie

Vi hadde ikkje allverda med tid på oss i dag. Det gjekk nøyaktig 2 timar inn. Men ein liten prat vart det med Janne og Frode der midt oppe på Heileberget, Dei fotografiske forholda var diverre ikkje av dei beste. Dis og lite lys. Men her er eit bilda av dei, 

Det var sauesanking i dag. Og då vi nærma oss Rivedal såg vi ei heil rekkje med sauer kom ut Vagstaddalen. Så det var best å kome føre til Rivedal igjen. Rett nedom demma til kraftverket traff vi Anita og Hanne. Dei hadde vore på Nipebu med Dag Tore og Frank. Dei kom lenger bak.Vi slo av ein prat med dei òg. 

Flott tur med tannlege Marie dette. Namn i boks. Ho strålar alltid som sola...💓

Anita, Marie og Hanne

Ingen kommentarer: