søndag 2. juni 2019

Oppsummering siste dagane

Foto Steinar Lien 3105
Ytrevågefjellet 3005
Ytrevågefjellet 0106


Osland 0106
Toreheia 0206



Toreheia 0206
(alle bilder mobilbilder)


Det har vore nokre kjenslemessig harde dagar i det siste. Nesten ei utanomkroppen oppleving å ta farvel med kollegane mine på fredag. Å vite at eg aldri meir skulle sitte ved pulten min. 36 år i bank er no ei stund. Bank har liksom vore livet mitt. No er det tid for nye sesongar med andre gjeremål. Lystbetonte har eg kalla dei. Der eg sjølv avgjer tid og stad for kva eg vil drive med. Det er ei så overveldande friheitskjensle at det sikkert tek noko tid å bli van med. Vel, no har eg egentleg ein månad ferie først då, så eg får ta den månaden som ei "prøvetid" for meg sjølv. Uansett ventar ein veldig lang ferie til etterpå. Eg seier til meg sjølv at til hausten og vinteren igjen er eg sikkert etande glad for at eg slepp bilturen til Førde kvar dag. 

Vel nok om det. Eg skreiv ein ganske utførleg blogg om dette hin dagen. 

Elles har vi feira 16 årsdagen til eldste barnebarnet mitt, Hanna, på torsdag, I dag er det Miriam på 40 som står for tur. Sambuar til Håvard, eldste til Olaug. Og innatt i mellom har eg vore på fjellet ja. Både i snø og skodde. Den gode sommarturen lèt likevel vente på seg. Men no har eg all verda med tid til å vente, så då får no sommaren kome når han kjem. Eg kan no berre hive meg på første fly til Hellas om det blir for lenge å vente på sol og sommar her heime....

Foto Hanna 16 år





Innlegg frå Facebook i dag tidleg




Burde ikkje Fjaler og Dale ha hatt eit bygdemuseum? I Askvoll har ein bygdemuseum både i Holmedal og på Bulandet. Fjaler burde no ha plass til dette òg? Kommunen som målber seg som kulturkommune og vart kåra til årets kulturkommune i 2015. At ein har fått på plass nyetableringar som Nordisk Kunstnarsenter Dale(1998),
United World College(1995), Designsenteret Transplant(2007) og Jakob Sande –tunet med residens for forfattarar(2015) er sjølvsagt flott. Men kva med historia til bygda og det som har vore grunnlaget for Dale - sko og tønner? Ja, i barndomsheimen min står gamalt utstyr for bokbinderi som oldefar min dreiv med. Det er sikkert eit uttal av ting av historisk verdi rundt om i skap og kjellar som målber historia til bygda. Ei historie som burde ha vore samla på ein stad. I eitt bygg.

Når eg no ser at kommunen skal bruke 2 millionar (!) kroner på å RIVE Gamle Dingemoen skule - eit signalbygg for bygda som sjølv har historisk verdi - så synest eg det er for gale. Dette bygget kunne utmerka godt ha vore nytta til eit bygdemuseum. Ei stifting av eldsjeler kunne ha drive dette. Ein kunne hanka inn midlar frå stiftingar "både her og der". Og kva kunne ein ikkje fått til med 2 millionar som kommunen skal bruke på å kvitte seg med bygget? Eit bygdemuseum kunne stått som eit flott tiltak for turistar og tilreisande. Vist ei bygd med identitet. Noko vi kunne vere stolte av. Men stikk kanskje ikkje kulturånda så sterkt i Dale likevel? Eg berre spør....
(Klikkar du deg inn på linkane i kommentarfelta kan du sjå kor flinke dei har vore i Holmedal og på Bulandet med å ta vere på eigen identitet).

Ingen kommentarer: