onsdag 29. mai 2019

Far vèl


Ein kjekk gjeng på avslutningsfesten min på Hoven, Alexandra april 2019

Fresh ungdom tek over stafettpinnen
Her på Alexandra 2019
    
Fresh "ungdom" frå KS på Alden 2017

Ja, så er mi tid omme. I Banken. Banken med stor B. Min gode tilhaldstad dei siste 36 åra. Medan livet har hatt sine opp og nedturar, var alltid Banken der. Fast partnar. Gode kollegaer. I eit fantastisk gjevande arbeidsmiljø. Som støtta meg i godt og vondt. I storm og stilla. "Some you win and some you lose". Spørsmålet er kva bankkarriere som ventar dei unge i dag... Slutt er det iallefall på dei tider då du fekk deg ei raud bankbok til dåpen. Ei bok du tok med deg resten av livet.... 

Nokon påstår at det skal vere sunt å skifte arbeid no og då. Med den teknologiske utviklinga vi har sett i bank har eg sjølv hatt kjensla av å skifte arbeid heile tida. Før var bank meir den kjekke kundesamtalen, rutine og service. I dag skal alt og alle målast i effektivitet, kroner og øre. I "Key Performance Indicator" og fluktfrekvens. Snart styrer vel Google, Insta, Facebook og den internasjonale storkapitalen heile verda.  Lojalitet er truleg eit begrep som har sett sine beste dagar. 

Nokre klipp frå kjekke turar 
Danmark
Solund
Værlandet

Sande

Byrkjelo
Stockholm
Urnes 2010
Svanøy 2005

Hjå Kari 2016


Vetti 2006


London 2006
London 2006


Eg er nok skrudd i hop slik at eg ikkje likar så godt å seie adjø. I dag har eg valt å gjere det via bloggen. Turbloggen som i mange år har gitt meg mykje glede. Banken har jo vore ein del av turen min. Skal det vere så skal det vere. Forresten så har eg to bloggar. Litt poesi på si... Kanskje blir det med tid og stunder bankpoesi òg....😎 

Når eg eldest tenkjer eg ofte på uttrykket "Ev(e)ry goodbye takes a bit of your heart". Eg trur det er rett. I jaget etter noko nytt blir det for mange farvel. For mange adjø. Ha det. Alltid for dårleg tid. Ting og system som fungerer godt er ikkje lenger godt nok. Gjennom jobben opplever eg ofte at telefonsamtalane blir avslutta med ha det, ha det, ha det, helst tre gonger. Eller snakkes, snakkes, snakkes. Folk er stressa. Overalt. Vel, vel - Finansministeren sa det ho - eg er ein jævla sosialist. Finansministeren - ho som styrer oss. Eg har diverre ikkje tru  på at alle piler skal peike oppover heile tida. Ingen tre veks inn i himmelen (og du kan ingenting ta med deg dit du går)....  Men no er eg sjølv visst i ferd med å gå ut på dato - så då så. Der makta ruler har nok aldri vore min plass. Eg har likt best å vere konge i eige liv. 

Kundesenteret Urnes 2010

Etter så mange år i Banken har dei aller fleste av arbeidskameratane mine reist sin veg. Somme har gått ut or tida. Andre sit på heimen. Det minkar på den "gamle garde". Vi som har bygt opp Banken slik den står i dag. Slik er livet. Nye tider krev nye kostar. Nye generasjonar må ta over. Dei unge må byggje sitt eige arbeidsmiljø. Hjelpe sine eigne arbeidskameratar.  Ta vare på arven. For tida kjem til oss alle. Det gjeld berre å bruke ho fornuftig.  Wind of change (hopp over annonsen).

19/5-19 Eg gler meg til mange lange og flotte fjellturar framover
- og til alle rydde- sti- og merkeprosjekta eg har på blokka.
Tanken på å kunne styre tida mi sjølv kjennest godt ut...


Eg sjølv har etter kvart blitt lei pendling til Førde. Nesten utruleg at eg har gidda 20 år på FV609. Kvar dag. Fram og tilbake til Stongfjorden (takk Olaug). Ja, eg har stort sett pendla heile arbeidslivet mitt. Det rare er at eg har fått lenger veg til jobb ved kvart vegskilje. (Som man reder ligger mann ...). Eg starta nemleg banklivet mitt i 1983 med å gå ned trappa frå banken si leiligheit i Dale til arbeidsplassen min. Bygget står i dag til sals. 

Vi har hatt fleire avslutningsseremoniar i det siste...


Framover treng eg å bruke den tilmålte tida mi annleis enn før. Medan eg er "ung og sprek". Har helsa intakt. Litt lei banklivet er eg vel òg. Ein prosess som starta i slutten av 50-åra. Der eg ikkje lenger var så gira på nye krav og  endringsprosessar. Nei, resten av tida mi vil eg bruke lystbetont.  Vere min eigen herre. La humla suse. "Eg vil bort frå det lærde standet". "Eg vil heim til Kobbeskjerhaugen". "Til kobben og Draugen". Sjølv har eg nok fleire filosofiske og poetiske gener enn finansielle. 


KS hjå Kari på Byrkjelo


Eg har nok aldri hatt vidløftige ambisjonar i Banken. Har likt betre å klatre i fjell enn på jobben. Eg vart heller aldri medlem av Lions slik første banksjefen min i Dale ville.... Følte meg aldri vèl  i uniform og slips må vite (slips må vere noko av det tosknaste "plagget" som er funne opp). Ja, lista vart vel lagt den gongen. Men i mine 36 år i Banken kan eg ikkje hugse ein einaste dag at eg har kvidd meg til å gå på jobb. Det seier vel noko om ein viss symbiose med dei arbeidsmiljøa eg har vore ein del av. Om det politisk var ei tid det kunne røyne på... (hugsar du bankkrisa og jappetida)? 


Værlandet 2017
med Steinar Lien - god kollega i over 30 år

Banklivet har lært meg mykje. Eg har blitt kjend med ein bròte med folk. Både kollegaer og kundar. Ikkje minst har eg sett kor forskjellige folk er. Ei rein personleg psykologiutdanning. Ja og så kor mykje pengane styrer liva til folk. Både vit og handling. Det siste av og til først. Money counts you know. Teiknet på å vere vellukka. Eg har dessutan lært meg veldig mykje om makt. Kor mykje makt betyr for enkelte.  

Om det ikkje var for Banken hadde eg kanskje vore relativt ubehjelpeleg på IT. Hatt for gamal nettlesar. Trengt hjelp til å slette midlertidige filer. Låst Bankid`en min i hytt og pine. (Eg vaks opp med sveivetelefon you know). Etc, etc. Ja, eg synest synd på mange eldre som sit rundt om på nesa og ikkje veit si arme råd i dagens duppedittverd.... (du treng jo forsyne meg Bankid for å snu deg i senga..).

Eg sjølv er eldst av 6 søsken. Har 3 vaksne døtre i Førde + 1 attpåklatt på 19 år heime som går i elektro-lære (racer på PC/mobil må vite).  I tillegg har det poppa opp 8+5 barnebarn. Eg bur i lag med ei snill og kjekk kone. Ute på den ydderste nagne ø... (Litt humoristisk sa eg til kollegaene mine hin dagen at tida har gått så fort at eg snart kan feire mitt andre sølvbryllup...😎)  

Heime 19.mai 
Litt meir? Ok. 

Havutsikt har eg frå stova. Eg har ein båt nede i moloen. Eg kan drøssevis av turruter i Askvoll og Fjaler fjella. Eg trykker fram "Alive" med Pearl Jam på Spotifyen. Og så planlegg eg ein tur til Haukedalsvatnet på jakt etter den flottaste og feitaste kjøa eg kan tenkje meg. Eller så myser eg litt på restplassar til Hellas om vèret blir for dårleg. Så må Facebook, Twitter, Insta, Snap og Google Fotos vedlikehaldast. Det nye kameraet mitt har eit uttal funksjonar som eg ikkje har peiling på... (Litt ny lærdom skal visst hjelpe på å halde hovudet klårt). Men den siste versjonen av nettbanken kan godt vente til neste veke...  Eg blir neppe rikare av den likevel 😄Eg ventar i grunn meir på den nye power banken min. Til ein laaang sommarferie. Eg kan jo ikkje risikere å gå tom for straum på mobilen - anten eg er i Hellas eller ligg under hammaren ved Krokavatnet...


Ein av dei første singelplatene mine

Ok folkens - nok snikk snakk. Lukke til vidare i Banken. Make your absence felt. Ta vare på kollegaen din. Some will come and some will go. Og framfor alt - vèr deg sjølv. 

Som avslutning tek eg med eit dikt frå LysandeStemningar. Diktbloggen min. Bildet er teke frå mitt kjære Toreheia. Fjellet heime. Takk til Banken for mange flotte år. God sommar. Så ser eg deg ein gong.  

I all æve



No skodar eg syne so tindrande flott
som kveldsola stille meg sender
Mot havet ligg draumar av skinande slott
dei gløder mot heimlege strender

Eg kjenner på lukke frå himmel til nut
dei varmar og lindrar meg nære
No minnest eg gleda eg hadde som gut
då eldhugar levde so kjære

Sjå solbrune jenter med lystige smil
i hildring dei svinsar og dansar
Til songar av kjærleik frå tusande mil
eg visseleg høyrer og sansar

Dei mjukaste former renn tankane fri
vi smeltar til eitt her i kvelden
Og natta mi lyser den næraste sti 
eg ottast ei pinsler og elden

Ja hit vil eg koma når livsdagen renn
når jordiske sansar tek ende
Sjå himmelske salar som strålar og brenn
i takksemd til åra han sende

Tekst og foto
G.Skaar


28/12-2015




Ingen kommentarer: