lørdag 11. mai 2019

Det flottaste fjellet...

Utløpet av Leknesvatna 

Panoramabilde frå Eitrenipa




Foto Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla 110519

Frost på Eitrenipa i dag
Fossedalshengenipa i bakgrunnen
Ja, eg var ikkje i tvil om kvar turen skulle gå i dag. Etter blogginnlegget i går. Alltid kjekt å trigge seg sjølv litt...😎 

Både bilder og kart til høgre fortel vel ein god del om det som ikkje treng skrivast. Vèret var delvis skya med kald vind frå nord. Så kald at det var frose på vasspyttar og berga der det var vått. Å sette seg ned å nyte utsikta var difor ikkje særleg behageleg. Eg gjekk difor heile turen i eitt til Svortevikstølen Her det var varmt og godt i solbakken. Det smakte med eit par knekkebrød og ein sjokolade. Litt spesielt å sitte i solbakken  og sjå den gamle kraftlinja til Fossedalen no ligge på bakken og straumstolpane knekte. Kva som no skjer med straumen til Fossedalen veit eg ikkje. Eg håpar iallefall at Sunnfjord Energi ryddar opp etter seg. Dei gamle stolpane kan ikkje stå slik som dei gjer i dag. Knekt av både her og der. Og linja må sjølvsagt transporterast vekk. Det er mykje arbeid som gjenstår... 

Når eg først nemner energibransjen så har eg tidlegare nemnt at Svelivatnet er heilt nedtappa. Det same gjeld Bjørnastigvatnet og Markavatnet (sjå foto i dag). No er eg litt forutbestemt når det gjeld slike ting, så for meg ser dette fælt ut. Resten av det miljømessige får vere i denne omgang. Det finst iallefall ikkje liv i strandsonene. Men rett skal vere rett - minstevassføringa på 100 l/s gjennom Leknesvatnet frå 1.mai ser ut til å vere i orden (sjå foto). Dei andre vatna var bygde ut utan noko form for minstevassføring. Det er tragisk i dag. 


Det ligg endå snø i skara opp på Eitrenipa...
her i siste bakken under toppen 


Elles er turen i dag ganske lang og krevjande. Fem og ein halv time opp og ned med litt klyving i tillegg krev sitt. Det burde sjølvsagt også vore rydda her og der. Spesielt rett før hellaren ved Krokvasstølen er det noko uframkomeleg. Men ruta elles er kjempeflott om du vil prøve ho. Langs Leknesvatnet frå nord er det god sti. Og opp grasbakken under Eitrenipa bra med vardar. Likeeins opp skara. Til Nordre og Søndre Kringla er det ikkje merka frå nord, så her er det ein jobb å gjere for ein vordande pensjonist. Dette gjeld også frå Øvre Fossedalen til Kringla. Her er det lett å ta for beint opp i skaret når du kjem nedanfrå. I dag kom eg ovanfrå. Då er det lettare å følgje stien ned. 


Med sjølvutløysar på Eitrenipa 


Som ein ser av ruta i dag gjekk eg ikkje til Fossedalen og Dale. Logistikken var ikkje på plass. Og bilen stod ved Markavatnet. Forrige helg gjekk eg via Fossedalshengenipa og via vestsida av Krokavatnet til Fossedalen og Dale. I dag austsida nord igjen frå under Søndre Kringla. Det blir litt hipp som happ kva side ein vel å gå nord/sør av Krokavatnet. Det kjem an på kvar ein kjem frå og kvar ein skal. Uansett er dette eit fantastisk turområde med dei flottaste (?) fjella i kommunen. Ja, så er det auga som ser då...😃 Er du ekstra interessert i spørsmålet så kan du laste ned og forstørre opp panoramabildet frå Eitrenipa ovanfor via bildelinken😍. Eg er ikkje i tvil om at du ser flest Mountains in Askvoll og fleste vatn i kommuen frå denne utsikta. Men kanskje ikkje så mange hus - hvis det er det flottaste fjellet handlar om...😎



Ingen kommentarer: