Vårmarihand (Orchis Mascula) Flott orkide som blømer tidleg. |
I dag "sprang" eg turen på Høgeheia og Furefjellet igjen. Ei flott trimrunde (sjå kart).
Høgeheia er som sikkert mange no veit post på årets TiTur Dalsfjorden. Registreringa tek til 10.mai og varer til 1.oktober.
John Lien har no lagt inn det datamessige på DNT-appen sjekk ut. Om du lastar ned appen kan du legge inn registreringane dine her. Det ligg også trimbok i postkassane. På appen finn du òg info om turpostane. Du kan dessutan laste ned kart
Årets postar på TiTur Dalsfjorden er Hekkelfjellet, nemnde Høgeheia, Askvatnet, Rivedalskletten, Fredensborg, Øvre Fossedalen, Jarstadheia, Håheia, Brendåsen og Havreheia.
TiTur Dalsfjorden er er eit turprosjekt i regi av Indre Sunnfjord Turlag i samarbeid med Barnas Turlag i Fjaler og Askvoll og turlaga i kommunane. Alle som fullfører får premie. Det blir òg trekt ut gåvekort o.a. (info på appen).
På Høgeheia er det framleis heilt turt i den godt merka og oppgådde stien opp. Perfekt med lette "fjelljoggesko".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar