| Øvre Fossedalen |
| Panorama frå Fossedalshengenipa i dag |
Eg hadde avtalt tidlegare med John Lien om å få på plass boksen og boka for ein av postane til årets TiTur Dalsfjorden i Øvre Fossedalen. Dag Tore Mjåset hadde med seg boksen i går, så sidan eg hadde fri i dag tok eg turen. Og då frå Førdefjorden. Nærare bestemt i Skorva. Litt i symbolikk i det òg. Verda er som kjent ikkje stor.
I same snuren tok eg med meg toppen på Fossedalshengenipa. For det er ei flott rute frå Markavatnet i Skorva til Fossedalshengenipa og vidare til Øvre og Nedre Fossedalen. Turen i dag tok 4 timar og 24 minutt. Inkludert fotostopp...😉
Temperaturen tilsa nesten vinter i dag. Og det er alltid litt spesielt å sjå nygrøne lier og snø samtidig. Så mykje snø var det ikkje kome. Men ein ca 5 centimeter. Dagen elles var for det meste ganske solrik. Men med litt skodde oppe på Fossedalshengenipa (sjå video på link). Ryggen opp var både våt og tørr med snø som tina.
| Fossedalshengenipa under den første hellaren nord for kloppa på Krokavatnet |
Elles gjekk turen heilt greitt. Sjølvsagt ikkje folk å sjå ein fredag midt i arbeidstida. Men småflagga hang no oppe til pynt i Nedre Fossedalen, sjølv om det ikkje var folka heime.
Det mest spesielle med heile turen var i grunn på brua i Dale der eg traff Olaug i bil med 3 andre damer. Dei hadde vore på eit møte i Dale. Eg var i utgangspunktet tenkt å ta skulebussen til Askvoll. Men som i går fekk eg haik. I Askvoll kunne eg ta bilen til Olaug heim, sidan ho kunne sitte på med Peter. Av og til klaffar logistikken perfekt. For eg likar alltid å gå ei anna rute heim enn den eg gjekk i frå. Alle vegar er som kjent ein omveg heim. Og berre eg ser Dalsfjorden - og alt det dere der...😊

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar