torsdag 2. mai 2019

Kong vinter returnerte

Panorama frå Dokka i dag


Dagsturhytta ved Nyksvatnet 


I dag gjekk eg opp frå Eidsfjorden og tok ruta som skissert under på bildefila. Og ja det var kaldt. Med snø i lufta. Og på Kalderasnipa reine snøstormen. Eg måtte difor søkje ly bak varden eit kvarters tid. 

Så letna det litt så eg gjekk fort opp på Dokka i sør då eg helst ikkje ville ha på meg ei liknande byge der oppe. Det gjekk. Så ovanfor er eit panoramabilde frå Dokka i dag med ei ny byge på veg inn frå nord. 

Eg sprang så ned til Nyksvatnet og tok peiling på nye dagsturhytta då ei ny snøbyge var i emning. Det gjorde veldig godt å kome seg inn i hytta for her var det god lunk. Og i sola som stod på glasruta vart det reint varmt og koseleg (sjå video). 





Etter ei stund tok eg så turen vidare til Hålandstølen for å ta nokre bilder (sjå link). Det var ei stund sidan eg hadde vore her. Eg returnerte så til vassverket i Holmedal. Og av alle gode ting fekk eg haik med skuledrosja opp igjen til Eidsfjorden der bilen stod. Flott tur, men steik var det kaldt i snøbygene frå nord.

Ingen kommentarer: