Eg har teke ein nærare kikk på kart og konklusjonar NVE har lagt til grunn for si prioritering av ramme for potensiell vindkraft i vårt område. Som vi såg i går er Sunnfjord og Sogn blinka ut. Til grunn for NVE sine konklusjonar ligg mellom anna Regional plan for vindkraft som fylkestinget godkjende i 2011, og Miljødirektoratet og Riksantikvaren sine innstillingar. Her er nokre konklusjonar som NVE har teke til etterretning. Dei er ikkje vekta av meg.
- Nettkapasitet - veldig bra
- Topografi - kuppert - turbulens
- Fjell høgt over havet - ising over lengre tid
- Ekstremvind - turbinklasse for mindre produksjon
- Sivil luftfart - Førde og Florø takast hensyn til
- Fugletrekk/luftkorridor - Svanøy, Stavenesodden/Atløy, Ytre Fjaler, Gulen
- Fugl - hekkeområder for sjøfugl
- Våtmarksområder - verna, hekkeområde, trekk, beiting
- Bestand av hubro
- Viktige kulturminner - gravrøyser, helleristingar, Staveneset, begge sider av Vilnesfjorden
- Kystlynghei
- Nasjonalt viktig landskap frå Devontida
- Friluftsliv - stor verdi på land og til sjøs
- DNT-hytter og løypenett
- Store samanhengande naturområder med få tekniske inngrep
- Flaggermus - ikkje kartlagt, høgdeindikator tilseier store funn ved kysten
- Villreinstammen i Sunnfjord - svært sårbar for vindkraftutbygging
Alle punkta har NVE teke til følgje. Og det er vel å merke seg at den nordvestlege delen av kartet kan bli teke ut av heile planen (figur 73). Dette gjeld nordsida av Dalsfjorden.
Etter kva eg kan konkludere med er difor Fjaler mykje meir utsette for nye industriområde i fjella enn Askvoll. Det nye eksklusjonskartet tilseier det. For mykje av kyststrekninga er uaktuell for utbygging, medan Guddal- og Steiestølstraktene ligg meir utsett til. Dei vantar mange av punkta som kysten er "tilgodesett" med i den nye planen... Så spørst det om politikarane i Fjaler og elles i fylket vil vakne og føreta seg noko med denne situasjonen.
Analyseskjema for område 19
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar