torsdag 11. april 2019

TiTur Dalsfjorden 2019


På veg til Hekkelfjellet går du forbi Kleppenes- og Bogestølen..


og Bakkestølen


Då er postane på TiTur Dalsfjorden 2019 klare. Opninga er 10.mai. Registrering held fram til 1. oktober. Alle som fullfører får premie. I tillegg blir det trekning av 3 gåvekort à kr 1000. 

Vedlagt har eg fått ei oversikt frå John Lien korleis du finn fram til postane. Stiane og postane er godt merka. Du finn dei snart i DNT-appen SjekkUt under TiTur Dalsfjorden 2019. Meir info her seinare. God tur!

Hekkelfjellet (Askvoll)708 m.o.h.:
Følg Fv609 til Holmedal sentrum, og sving inn på Morkavegen (rett ovanfor kyrkja) og følg denne ca. 1 km og ta til høgre og fortset ca. 500 meter til du kjem til parkeringsplassen til vassverket i Holmedal. Gå over bru med skilt til Bakkefjellet og følg merka sti opp Engabølia. Når du kjem opp på heia der det flatar ut vil du sjå skilt mot Bakkestølen. På Bakkestølen er det skilt som viser mot Hekkelfjellet, følg merka sti mot toppen.

Askvatnet (Askvoll) – ca. 315 m.o.h.:
Køyr til Askvoll sentrum, når du er ved kirka svinger du til høgre opp til parkeringsplass på høgre sida av vegen.  Følg skilting inn Askdalen mot Smørkletten/Fismavatn. Inne i dalen kryssar du elva over ei ny bru og føl stien på venstre side av elva. Innerst i dalen går du mot Smørkletten til du ser skilt til Askvatnet.  Følg det og du er framme.

Rivedalskletten (Askvoll) – 505 m.o.h.:
Parkering ved kraftstasjonen på vestsida av Rivedalselva.  Her er det merka parkeringsplass. Det er merka to alternativ, den eine er på anleggsvei opp til inntaksdammen øverst i Trongane. Der går du opp på venstre side av elva, går eter ei stund til venstre mot høgda der du ser ned mot Rivedalstølen. Her går vi opp mot venstre opp til toppen. 

Rivedalskletten frå Smørskornova
Rivedalstølen mot høgre

Den andre vegen er og frå parkeringsplassen. Her går du ned vegen og går inn på stien til Rivedalstølen. Når du er komt opp slik at du ser stølen, går du på merka sti til høgre mot høgdedraget til du møter den andre stien, gå deretter til toppen. Fint å gå opp ein veg og ned den andre.

Øvre Fossedal (Askvoll) – ca. 240 m.o.h.:
Turen går frå parkeringsplass på Ottersteinen (på Askvoll sida av brua). Følg merka sti til Fossevika, deretter til Nedre Fossedal og vidare til Øvre Fossedal. Kassen heng på brua før oppstigning til husa i Øvre Fossedal.




Høgeheia (Askvoll) – 450 m.o.h.:
Nydeleg tur som du må oppleve, fin familietur der det er litt bratt til å starte med og det flatar ut og siste delen er kupert. Vil anbefale denne turen seint på kvelden, med at vi er så langt vest, så ligg storhavet rett nedanfor og det er ei oppleving å sjå sola gå i havet. Adkomst: Du køyrer til Stongfjorden og der er det merka skilt til Holevika.





Havreheia (Fjaler) – 581 m.o.h.:
Kan gåast i forlenging av tur til Grøneholten. Start er då ved den gamle vassverkdammen i Dale (Demma). Vekslande stigning til Grøneholten på godt merka sti. Etter Grøneholten tar ein på ein sidesti til venstre litt etter halvvegs på rundturen til Østenstad. Det er merka med treskilt til Høgefjellet (som var ein av toppane i 2018). Turen kan òg gåast frå andre vegen med start frå Dalsåsen der det er muleg å parkere i ei stor rundkøyring. Ein går då fyrst på skogsveg og vidare på sti via Østenstad. Ta av på sidesti ved treskilt til venstre merka Høgefjellet. Herifrå er det merka med blått! Frå toppen av Høgefjellet skal ein fortsette om lag 500 meter vidare inn til Havreheia (merka med vardar).



Foto frå Driveknolten med Havreheia midt i bildet oppe
(t.h. for Jøtelshaugen/Jyttelshogjen) 



Jarstadheia (Fjaler) – 584 m.o.h.:
Denne turen er merka både frå Haugland og Rakneberg. Rakneberg ligg på høgda mellom Dale og Flekke – der det er merka at ein skal svinge til høgre dersom ein kjem frå Dale frå fv. 57. Køyr oppover denne vegen og så ligg det parkeringsplass på enden av skogsveg til venstre. Dersom ein går frå denne sida så er det jamn stigning til Storelifjellet. Flatare mot Bergsstølen, deretter stigning og litt flatare mot toppen. Frå Haugland så er det lurt å parkere ved Rehabiliteringssenteret. Gå deretter opp til Becker-huset og utover mot Ytre Haugland. Skogsveg opp til høgre. Føl skilting opp mot toppen. Det kan her vera blaute parti. Frå toppen går det kupert bortover mot Jarstadheia. Fin utsikt langs heile høgda.

Jarstadheia sett frå Brendeheiknappen
t.h. Jarstadheia frå Fløyen 


Håheia (Fjaler) – 455 m.o.h.:
Håheia ligg på sørsida av Flekkefjorden med start frå skogsveg ved Solheim, der det er ein parkeringslomme med turinformasjon ved start. Turen kan gjerast som ei rundløype der ein går stien mot nordvest opp og ned igjen lenger sør til ein kjem inn att på skogsveien. Vekslande stigning på sti til toppen. Ganske flatt toppområde med flott utsikt i alle retningar. Følg sti frå toppen ned til skogsvegen og følg denne ca. 1 km til slutt. Dette er ein av dei ca. 100 Kystarvstiane i HAFS-regionen som frivillige har rydda, merka og skilta.

Fredensborg (Fjaler) – ca. 112 m.o.h.:
Denne turen ligg i nærleiken av Lilllingstonheimen i området Tysse/Leitet. Dersom ein kjem med bil frå Dale svingar ein inn til høgre i Solheimskrysset like etter Flekke. Ein fortset vidare på riksveg 607 til like etter krysset der ein svingar av til Straumsnes. Parkeringsplassen ligg til venstre dersom ein fortset på riksvegen mot Hellevik (ca 100 meter frå krysset). Kart og informasjon ved parkeringsplassen. Turen er barnevennleg og går på skogsveg ein liten kilometer. Fredensborg er ein park med gravlund frå 1824 midt i skogen like over eit lite vatn. Fint område for rekreasjon og leik.


Lillingstonheimen sett frå Heileberget.
Fredensborg til venstre.


Brendåsen (Fjaler) – 193 m.o.h.:
Dersom ein kjem med bil frå Dale køyrer ein riksveg 609 til Hellevik og vidare på fylkesveg 65 mot Fure ferjekai. Det er to stiar opp til denne toppen og begge er merka frå hovudveg. Frå stien før Fure ferjekai er det om lag 1,7 km til toppen, og frå stien nær Fure mekaniske om lag 2,5 km. Stien som ligg nærmast ferjekaia (nokre få hundre meter før) har best parkering og er minst våt. Stien er godt skilta undervegs og er ein fin og barnevennleg tur med flott utsikt. Benk på toppen ved utsiktspunkt.


Ingen kommentarer: