fredag 12. april 2019

God Påske

Påske på Dokka

Flekkefjorden frå Bakkefjellet

Dokka og Nyksvatnet frå Moldura

Vi går inn i Palmehelga med vèrmeldingar "av en annen verden", eller endå verre, "sinnsjukt" gode vèrutsikter. Appelsin, kvikklunsj, kakao, godt drikke, rennande solkrem og alt saman som høyrer påska til dukkar opp i frontallappen. For no gjeld det å kome seg ut i vårsola. Men kvar skal turen gå?

Heldigvis bur vi slik til at det er ein bròte med turalternativ rett utanfor stovedøra. Du slepp å bruke tid, krefter og bilutgifter på å reise over "bekken etter vatn". Om ikkje fjella våre er høge nok for  dei sprekaste, så greitt nok det. Dei får reise sin eigen veg. For oss vordande pensjonistar, familiar med mindre ungar, andre med litt for høg dødvekt, ja folk flest, så har vi rikeleg med høge nok fjell og turalternativ berre ein snur seg rundt lite vetta.

I dag vil eg difor slå eg eit lite slag for Holmedal og vassverket som utgangspunkt for ein flott påsketur. Litt som ein oppfølgar til TiTur Dalsfjorden og Hekkelfjellet i går. 


Dalsfjorden frå Bakkefjellet


Frå vassverket er det merka ruter til Dokka, Moldura, Bakkefjellet (Blåfjellsåta, Blåfjellet), Hekkelfjellet og Rivedalsfjella. Ja, du kan gå i "det vide og det breie" ved å starte turen her. John Lien har fått laga og sett opp nye skilt som viser retning og avstand til fjella. Du treng likevel ikkje gå på toppane. I dei solrike og varme bakkane kan du sette deg på næraste tua og nyte sola og livet og ta deg ein prat med folk som går forbi.  Eller du kan gå til Nyksvatnet med ungane på god sti og nyte smågodt, kaffi og kakao. Ved vatnet er det lett å finne roen. Det viktigaste er uansett å kome seg ut. 

Eg vil oppdatere bloggen så ofte eg kan. Ynskjer alle God Påske.

(P.S. I høgremenyen på bloggen finn du litt aperitiffar frå dei nemnde fjella)


Ingen kommentarer: