onsdag 3. april 2019

Bokfink


Sjå link under !
(direkte video for stor for blogger)


I starten av april får eg alltid besøk av ein sverm med bokfink. Dette er fast kvart år. For etter å ha fòra småfuglane med to/tre sekker fuglefrø à 25 kg gjennom vinteren, ligg det mykje att på bakken. Både frø og skall. Dette veit bokfinken å sette pris på. Saman med bokfinken kjem det også ofte ein del bjørkefink.

Eg har venta på dei eit par dagar no. Og i går var dei på plass då eg kom heim frå arbeid. Ein heil sverm ved tunbjørka. Påfyll av energi etter turen hit til landet. Like kjekt kvart år. Eg måtte ta opp ein snutt av vårgleda utanfor stoveglaset. Når bokfinken og sysvorta syng er det vår.




Ingen kommentarer: