Dagens selfie |
Utsikt mot sør frå Røyrbotnholten Vi ser Heileberget t.v. og mot Rivedal og Straumsnes ved Dalsfjorden. |
Eg stakk ein kjapp tur oppom Røyrbotnholten i Rivedal i føremiddag. Ei stund sidan eg hadde gått denne ruta. Fjellet er post på fjelltrimmen i år. (For min del er posten greiast å nå via Svelia). Etter boka å dømme har det vore liten aktivitet her i sommar. Kanskje har TiTur Dalsfjorden teke noko av brodden av fjelltrimmen? Det kan nesten sjå slik ut. For nabofjellet, Rivedalskletten, er post på TiTur Dalsfjorden - noko ein stadig vekk blir mint på i sosiale media...
Vel, vel - nok om det - det viktigaste er at folk kjem seg ut. Så får det nesten bli eitt feitt kvar turen går. Fjella ligg no der. Til evig tid. Det var som med han amerikanaren som spurde kvar Fjellet låg når alle sa dei skulle på fjellet...😊
Eg sette forresten opp igjen det meste av merkepinnar over myra og opp bakkane. Sauene er harde på desse pinnane. Dei blir stadig knekte og rivne ned.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar