onsdag 6. mai 2026

Lett stolpejakt i Dale

På stolpejakta i Dale går ein forbi Borgen og Lassedammen på Bjerga


Stolpejakta i Dale er laga for alle. 11 greie stolpar er plasserte ut til å scanne. Også rullestolbrukarar kan ta seg fram løypa frå sentrum og via gamlemoloen, Bjergelandet og Longehogen. Absolutt å anbefale for store og små, pensjonistar og rørslehemma til å kome seg ut ei lita runde på tur. Flott laga til med info for kvar stolpe på appen. 

Stolpejakta er eit veldig bra initativ av arrangør Værlandet Il i samarbeid med Askvoll og Fjaler kommune. Du kan elles registrere deg på stolpar over heile landet. 

Ingen kommentarer: