tirsdag 21. april 2020

Fantastiske Atløyna - Creme de la Creme









Ja, eg måtte ut dit. I det strålande vèret. Havblikk mot ytste havet. Det funka perfekt. Som tenkt.

Ferja frå Askvoll 08.15 - akkurat passe. 10 minutt med ferja til Gjervik. Det toler dei fleste. Og deretter 10 minutt køyring til Eide. Der startar ei av rutene til Skredvaren/Atløynipa/Skålefjell. Der i frå og opp på Skredvarden. På kjempegod sti. Deretter sør til Atløynipa. Så ned  igjen i "krysset" der ruta frå Skålefjell møter den frå Eide. 







I det nydelege vèret bestemte eg meg like godt for å gå nordvest til Skålefjell òg. Og så ned til vegen aust for Brurastakken. Aberet var sjølvsagt at eg måtte gå heile vegen til Eide der bilen stod. Ikkje det. I det perfekte vèret var det jo ein flott tur det òg. Med havblikk og nydeleg utsikt til Alden og øyane sør om. 

Eg har skrytt av merkinga av turstiane på Atløyna tidlegare. Det er berre ein real fornøyelse å gå her ute. Flott varda og blå merke å gå etter. Ja, det er bort i mot komplett umogeleg å rote seg vekk. Og sjølv om eg ikkje har gått her i skodde, ser eg at merkinga er så tett at det funkar i dårleg sikt òg. 

Utsikta er formidabel. Frå alle tre toppane. Havet låg blikkande stille vestover til Alden, Bulandet og Værlandet. Nordover til øyane i Florø like stilt. Inn Stongfjorden. Til Askvoll. Og sørover til Lammetun/Solund/Gulen. Og eg tenkte på den lange turen Agnar og eg gjekk inne i Haukedalen i haust der vi såg godt ut til Atløynipa. I dag var det veldig gildt å kunne sjå inn att i Blegja, Storehesten og dei same fjella. I motsett retning. 

Elles fortel vel bilder og videoar sitt. Takk igjen til Atløyna. Du leverer. Perfekt. Med nydeleg terreng, merking og utsikt! Eit must for alle! 


GPX fila mi var smitta av koruna i dag...
(😃)


4 kommentarer:

AG sa...

Flott Gustav

Gustav Skaar sa...

Takk Arild. Fantastisk i dag. Atløyna er topp altså.. 😊

Kalvikaren sa...

Flott "reklame" for Atløyna ! 😊

Gustav Skaar sa...

Tusen takk for kommentar Kalvikaren.

Omtalen av Atløyna er vèl fortent. Sjølv veit eg kor mykje arbeid som ligg bak all tilrettelegging og merking av stiar. Og slikt frivillig arbeid treng all den honnør det kan få. Nettopp dette kan gjere til at fleire finn vegen til området og gjer seg nytte av den flotte naturen.