søndag 19. april 2020

Å vandre i eit måleri

Sillan og Tone på Blåfjellet i Grimelia i dag

Ved Yndestad i dag -
skiltet til Skylefjellet står utanfor høgre bildekant

Stongfjorden -
Yndestad nede til høgre

Ved Mangevatna i dag
(snart grønkast det)

Mangevatna frå Skylefjellet

Det er trimbok på Skylefjellet i dag -
registrering på TiTur-Dalsfjorden derimot vil skje via DNT sjekk ut appen
Opning 10.mai
På veg vestover til Blåfjellet -
Skylefjellet bak t.v.
Toreheia i det fjerne i midten bak
 
Austover langs Mangevatna
Det var i grunn litt rart i dag tidleg. Eg hadde nemleg tenkt meg avgarde å merke opp igjen ruta til Skylefjellet då det tikka inn ei melding frå broderen i Dale om det var snøfritt opp dit. Og det er det jo. Artig at vi tenkte på den same turen på likt. 

Som vanleg er det alltid mindre snø på fjellet på sørsida av fjorden enn på nordsida. Det har med fjord, havluft og solinnstrøyming å gjere. Så då vart det til at eg starta tidleg å merke, for så etter ca tre timar treffe broder Sigvard og svigerinne Tone på toppen av Skylefjellet. Etter å ha venta ein god halvtimes tid i den solvarme lyngen. Det var veldig kjekt. Og vi måtte jo fline litt av samanlikninga av vèret sist Sigvard var med meg på tur her. For i dag var det praktfullt! Knall sol og vindstille! 


Eg ventar på Sillan og Tone







Etter at dei fekk seg ein liten pause, gjekk vi så turen ut om Blåfjellet i Grimelia òg. Dei hadde ikkje vore der før. Det er ikkje så langt. Som bonus får ein då oppleve den praktfulle turen inn igjen på sørsida av Mangevatna. Med Toreheia og Yndestadhøgeheia midt i mot. Og i sør Skålefjellet og Moldura. På Blåfjellet hadde vi oss ein god matpause med skiver, kaffi, sjokolade, bananer etc. Drøsen gjekk der vi sat i den tørre lyngen. 


Ein god pause på Blåfjellet med øyane i Florø i bakgrunnen
Som eg tenkte meg lovpriste Sigvard og Tone området. Dette med indrefilet er i grunn eit litt klisjeaktig utrykk. Men nordsida av Stongfjorden er i grunn "the best there is". Rett utanfor nòva... Turgåarar som aldri har vore her oppe før har mykje å sjå fram til når denne posten opnar 10.mai på TiTur-Dalsfjorden. Å gå i dette området for første gong må vere ein av dei flottaste turopplevingane denne sesongen. Så god tur på Skylefjellet. Merka, klappa og klart. Start ved skiltet i Stavenesvegen på Yndestad i Stongfjorden.




Video eldre bilder Skylefjellet:




Video eldre bilder Krikavatna og Mangevatna: 




Ingen kommentarer: