fredag 17. april 2020

Nydeleg vårtur i Fossedalen

Brendeheiknappen i dag




Panorama frå Brendeheiknappen
Nedre Fossedal i midten

Blegja speglar seg i drivande kvit nysnø i dag
  
Panorama Brendeheiknappen med
Fossedalshengenipa, Søndre Kringla og Blegja

Fossedalsfossen i passe storleik i dag

ELRAKI
Nærare presentasjon er vel unødvendig....😎


ELRAKI ligg fint til ved Fossedalselva

Då har eg i dag remerka DNT-ruta frå ELRAKI i Nedre Fossedalen til Brendeheiknappen. Toppen er post på TiTur-Dalsfjorden frå 10.mai. I år vil det ikkje bli lagt ut bøker og kassar på postane grunna koronaviruset. Registrering av deg som turgåar vil skje gjennom appen DNT Sjekk ut. Posten blir gjort tilgjengeleg på appen frå ovannemnde dato. 

Som ein ser av bilda var det ein nydeleg dag i dag. Litt skyer på morgonen. Men sola fekk berre betre og betre tak. Og så er det i tillegg nydelege utsikter for helga og fleire dagar framover. Kan det bli betre. Kanskje kan vi no seie at "jeg velger meg april"... 

Etter at jobben var gjort opp til toppen, gjekk eg meg ein tur bort i Nedre, bort til Fossedalsfossen og vidare langs lonane til ELRAKI-hytta. Her tok eg meg ein god matbit og sjokolade i solveggen. 

Fint i solveggen i dag

Deretter gjekk turen til fjorden igjen og den vanlege ruta til Otterstein. Fantastisk flott dag i Fossedalen.

Ingen kommentarer: