lørdag 25. april 2020

Nydeleg vårdag i Fossedalen

Nydeleg i Øvre Fossedal i dag

ds

I dag tidleg køyrde eg til Skorvemarka og gjekk første delen av DNT-ruta til Nipebu om Krokavatnet og til Fossedalshengenipa. Der i frå via Svartetjerna og Grøndalen sør til Øvre og Nedre Fossedalen og til Otterstein (sjå GPX-fil på kartet nederst). 

Det var ein nydeleg morgon. Knallblå himmel. Og sol! Med nokre varmegrader i lufta. 

Første snøen låg i hellingane over Krokavatnet. Vatnet er no forøvrig isfritt. Opp heile ryggen mot aust ligg det framleis snø. Her får no sola fort tak. Noko som i dag gjorde snøen delvis blaut. På vestsida mot toppen ligg det parti som er unnasols. Her var snøen knallhard etter ei frostnatt. Eg tok på broddane heilt nede i botnen av ryggen. Der ruta opp tek av frå den merka ruta til Nipebu. Her låg det òg knallhard snø i skuggen. 

Det er sjølvsagt litt tungt å gå bratt oppover i sigesnø. Men no er ikkje ryggen opp så veldig lang då. Den er vel ca 300 hundre meter opp. Så sveitten kom fort på... 

Det var nydeleg på toppen (sjå video). Og nordavinden hadde framleis ikkje fått særleg tak så tidleg på dag. Langevatnet ved Nipebu framleis med is (sjå foto).


Det vårast ved Nipebu, men Langevatnet ligg framleis med is....






Eg sprang så ned igjen sigesnøen til botnen av ryggen. Gjekk så ned sør til Grøndalen og via Svartetjørna til kloppa på Krokavatnet. Det låg delvis ròten snø, kombinert med hard i skuggane, men det gjekk helt fint å ta seg ned til vatnet. Her i frå og resten av vegen til Dalsfjorden er det snøfritt. 

Øvre Fossedal med dagens sefie

Eg såg ikkje folk i Øvre, men alt såg fint ut. Og sola skein frå ein knallblå himmel over den flotte Kringla. Så tusla eg meg sørover langs vatnet i praktfull idyll. Vatnet spegla seg blått i blått. Vassenden var veldig fin i dag. Passe stor og skinande i sølv i sola. 


Nedre Fossedal i dag

I Nedre Fossedalen traff eg dei første turgåarane for dagen. Og der i frå til Otterstein var det reine folkestimen. Ja, eg traff folk overalt (eg nesten i feil "køyreretning"). Nesten berre ungdommar! Og ei jente i berre singletten stakk opp stien til Brendeheiknappen (det var då eg fann ut det var på tide å ta av meg gamasjane...). Men noko fotografering og sosialisering vart det ikkje til (du veit eg er ein eldre "gubbe"). Unnataket var då eg traff ein gamal kjenning frå Dale som eg ikkje hadde snakka med på 40 år! Hvis du les dette Kaj-Espen, så kom eg på etter at eg hadde snakka med deg, at vi piskatre har lege i telt i lag i Gunnhildvika ved Fossedalsvatnet ein gong i vår pure ungdom. Rart kva ein minnest i gamle fòtefar.... Eller i Fossedalen - i grøne far!

Tjoka fullt på parkeringsplassen på Otterstein i dag...

Herlig tur dette. Og ei nydeleg rute som fleire burde prøve. Og om du ikkje veit det er det fint å gå austsida av Krokavatnet òg. Om du har lyst å gå turen nord/sør frå Førdefjorden til Dalsfjorden ein gong. Eller omvendt.

Og så gjekk spaserturen min vidare over brua til Dale. Tid for skillingsbollar og kaffi på Allmuen. Før Peter kom og henta meg. Og Olaug på fruetur til Nipebu tok med bilen heim igjen frå Skorvemarka. Perfekt!


Panorama Dale

Foto:

Ruta Markavatnet/Fossedalshengenipa/Fossedalen/Otterstein 

Ingen kommentarer: