lørdag 4. april 2020

Herlege morgontimar

Luftig til bygds

Kunstariske snøskavlar på Yndestadhøgeheia

Dagens Toreheia
Heim 


Panorama frå Toreheia
F.v. Portafjellet, Skålefjellet, Svarthamrane, Fanafjellet, Moldura, Størdalsstauren, Langeberga, Fristadfjellet, Kultingane, Jamneheiane, Smørkletten, Hjartåsen, Skredvarden på Atløyna...

Mot Størdal og Eidsfjorden
med Størdalsstauren
Ved hytta til Lasse Vie


Greitt med trugar her i frå...

Krikavatna i dag



Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 040420

Det var blitt kvitt heime igjen i løpet av natta. Men sidan det var meldt brukande vèr på morgonen, gjekk eg standardturen på Toreheia og Yndestadhøgeheia heime i frå. Eg drog avgarde opp bakkane i 08 tida. 

Lett, fin snø oppover heile vegen. Men litt meir oppe ved Krikavatna. Så her tok eg på meg trugane og nytta dei heile vegen opp på toppen. Undervegs oppe i bakkane drog dei mørke skyene eg hadde sett i nord inn over meg. Det vart både skodde og snødrev. Og ein 5-minutts tid var eg inne på tanken om å snu. Men her er så bra merka at det ikkje er noko problem med å finne ruta. Sjølv når alt er kvitt. Så eg gjekk no berre på... Nokre minuttar seinare såg eg det lysna ute i øyane i Florø. Herleg. 


Det lysna opp igjen frå nord rett før toppen...

Etter obligatorisk namn i boka, og nokre bilder og ein videosnutt, bestemte eg meg for å gå kanten av fjellet på nordsida av fjorden heim igjen. Luftig og fin utsikt her oppe. Her i frå gjekk eg på skorna til fjorden igjen. Snøen er alltid avblesen på dette vèrharde partiet. Deretter Selda heim. Nydeleg tur!   



Ingen kommentarer: