tirsdag 28. april 2020

Litt fisk og litt til

Ved Fismavatn i dag.
Smørkletten oppe t.v

Jamneheiane

Utsikt austover ved Fismavatn
Kalderasnipene og Dokka t.h.

Nordeide
Kalderasnipene og Dokka bak
Furefjellet og Høgeheia,
Staveneset og Underset


Askvoll

Høyvikneset og Kviteneset
Alden, Værlandet, Tvibyrgje og Raudøyna

Etter ein tur hjå Askvoll Fysioterapi i dag tidleg, gjekk eg inn Askdalen til Fismavatn. Her gjekk eg rundt vatnet og drog meg 4 kjø til middag. Eg er måtehalden såleis. Så gjekk eg opp bakkane til Jamneheiane for utsikta sin del. Det er ikkje så langt opp når du er komen fram til vatnet. Så gjekk eg turen ned igjen, opp skaret i sør, og ein snur oppom Smørkletten (sjå video). Etter nydeleg ver på morgonen, var det no drege over med skyer og litt vind. 

Fin tur i Askdalen. 


Foto Fismavatn Jamneheiane Smørkletten 280420



Ingen kommentarer: