torsdag 16. april 2020

Kom vår kom vår

Nok ei iskald oppleving - på Ytre Vågefjell i dag tidleg...

Vågane og Flokeneset
Mot Toreheia
Eg må ærleg innrømme at eg er lei snøstorm og kuling, rennefòk og null sikt... For jammen vart det ikkje slik i dag òg oppover mot toppen av Ytre Vågefjell. Nokre minuttar var det som å vere på Nordpolen i snøstorm (sjølv om eg aldri har vore der då...😎) 

No skal det som sant seiast at det letta litt medan eg halvveges låg i livd bak varden. Så eg fekk i det minste teke eit bilde mot Toreheia og Florø-kanten. Men borte var i grunn all lyst på å gå vidare over fjella vestover. Neste stormbyge med null sikt var vel venta inn frå nord kor tid som helst. Og i tillegg var nordavinden iskald. Så eg sprang bakkane rett ned igjen til Vågane... 

Nei, søtten, no vil eg ha vår, fint vèr og varme vindar.... 


Ingen kommentarer: