mandag 13. april 2020

Frå himmel til h... og tilbake igjen

Skylefjellet med nok ei byge på gong frå nord

Snøstorm-byge på toppen av Toreheia

...og så nokre minuttar med sol...
Skylefjellet t.v og Toreheia heilt t.h. 
Det var ikkje måte på kor mykje vèr det vart i dag. Det merka ein godt nede ved fjorden òg. Men eg kan vel vere så fri å seie at det heilt sikkert var heftigare oppe på toppen av Toreheia. I ei sik rysa stormbyge. Det vart rett og slett eit kvitt inferno. Byga sette inn eit stykke oppom Krikavatna. Men eg bestemte meg uansett for å gå heilt opp. Som før nemnt mange gonger har eg merka godt her oppe. 


(eg bomma visst på datoen...😎

No skein det heilt opp igjen då eg kom ned att på omlag same plassen der byge sette inn då eg var på veg opp. Berre eit kvarters tid etter første videosnutten. Så slik såg det ut då. 



No var det ikkje mange minuttane sola skein. For på Yndestadhøgeheia dundra det inn nok ei stormbyge. Minimal sikt. Snødrevet midt i mot. Jammen godt å vere kjend. For ruta som går via Selda er ikkje merka. Den er berre nytt av oss ultralokale...😃 

Så i dag vart det ein tur i alt slags vèr. Frå strålande vårsol i dei sørvende bakkane nede mot fjorden til isande snøstorm frå nord i fjellet. Og av alle merkelege ting så var det einaste levande eg såg i dag ei einsleg linerle som flaug trekkande i nordleg retning ovanfor Svartevatnet. Eg håpar berre ho kom seg ned att til Stavfjorden i god behald.... 

Ingen kommentarer: