onsdag 22. april 2020

Nydeleg opp ranen på Dokka

Holmedal og Straumsnes
Askvoll

Dalsfjorden
Dagens selfie
Nykshytta er ikkje lett å sjå når du kjem frå Dokka....
Flott bru over elva frå Nyksvatnet

Utløpet av Nyksvatnet

Vikastølen

Etter ein time hjå fysioterapeuten i Askvoll i dag tidleg, køyrde eg inn til Holmedal i 9.30 tida for ein rundtur over Dokka. Kleda låg klar i bilen... eg trur ikkje noko såg meg i trusa ved vassverket... 😎 Så ein fantastisk fin tur opp ranen i morgonsola. Holmedal og Straumsnes spegla seg i morgonsola. Dalsfjorden blank og flat som ei pannekake. Ja, eg kom på vårversa eg skreiv til fjorden for nokre år sidan. "Lukka av vår" - Versa som ligg på den "sovande" diktbloggen min. 

Det låg litt snø øvst oppe på ranen. Her eg måtte snu i vinter. Då eg ikkje tok sjansen på å klatre opp og over den bratte hammaren her. Isete som det var. I dag var det derimot våt snø som låg her og såleis ingen problem med å ta seg opp.

Det var nydeleg på toppen. Vindstille. Og jakke fekk eg ikkje bruk for. Ja, som aprildag kunne det ikkje bli betre. Dokka har som vi veit fantastisk utsikt. Film her og her

Eg gjekk så ned bakkane mot nord til Nyksvatnet. Det låg delvis litt blaut snø her òg. Eg var ikkje oppom Nykshytta, men gjekk direkte til vassverket igjen. For på programmet står òg ein tur til Dale for litt jobb hjå mor mi på denne fantastiske dagen. 





Ingen kommentarer: