tirsdag 7. april 2020

Livnar i lundar

Stongfjorden og Follevåg

Staveneset frå Furefjellet
 Etter eit par dagar heime med m.a. bunnsmørning av båten, gjekk eg trimrunda over Høgeheia og Furefjellet i dag tidleg. Opplett og med gløtt av sol. Og nokre plussgrader. Lite vind til å vere ytst ute i havgapet. 


I dag var det litt liv i fjellet. Først gjekk eg på tre hjortar rett sør for toppen på veg vestover mot Furefjellet. Deretter fire til nett nedom første høgda. Begge flokkane fekk bra fart på seg då dei fekk ferten av meg (eg fekk ikkje fram mobilen og filma dei). Men minst like kjekt var det å sjå 4 snøsporvar og 2 enkeltbekkasinar. Stavenesodden ligg jo midt i leia for fugletrekka vår og haust. Så at det rastar ein del trekkfuglar her er vanleg. Snøsporv held til oppe på dei høgste fjella. Helst oppe i lågalpin sone i Blegja/Blåegga traktene. Og eg har sett heile flokkar på Toreheia om hausten før.  Enkeltbekkasinen hekkar her. Den likar vått og myrlendt terreng. Elles hang havørnparet som bur her  lågt over hovudet på meg på Furefjellet. (Vanskeleg å ta bilder av desse med berre mobilen). Kjekt at det no livnar litt i lundar. 

Dagens selfie


Elles får vi sjølvsagt håpe på litt opplett vèr i påska. Dei heilt gode meldingane er det ikkje. Men heldige er vi som har alt av flott natur og turterreng rett utanfor stovedøra. Det er i grunn berre å kome se ut i nærområdet uansett både vèr og vind. Å reise nokon stad er heilt unødvendig. Iallefall i desse tider.




Ingen kommentarer: