fredag 10. april 2020

Super fredag

Koseleg å møte blide fjellfolk på Størdalsstauren i dag.

 
Panorama på nordsida av Moldura.
Vi ser Alden t.v. Stavenesodden med Høgeheia og Toreheia t.h.

Dagens selfie
Nydeleg brodd-føre på Moldura



I dag gjekk eg den nydelege ruta frå Neset i Stongfjorden til Moldura og returnerte via Størdalsstauren til fjorden igjen. 

Som ein ser av bilda var det snøfritt eit godt stykke oppover. Nesten til Langedalen om du er kjend. Eg bar med meg trugane til der ruta kryssar toppen av Størdalen. Men trugane fekk eg aldri bruk for. Derimot fekk eg god bruk for broddane. For det var både skare og is oppe i høgda. Nydeleg å ta seg opp bakkane på. Vèrmessig var det litt dis då eg kom opp på Moldura (sjå video). Og litt austatrekk. Men også ein del sol. 

På veg ned igjen ser eg ein person på veg oppover. Og som tenkt kunne det ikkje vere andre enn Ansgar Bjarne Høivik. Han bur nede på Neset der ruta startar. Det er i grunn vi som "eig" denne ruta. For diverre er det altfor få som går denne fantastisk flotte vegen opp frå fjorden i nord til Moldura.... Artig å først sjå ein hjort, så ein til, og så fire til springe nede i bakkane mot Størdalsstauren då vi stod der og prata. 

Ansgar Bjarne i dag

Etter at austatrekken gjorde seg gjeldande i ein sveitt kropp, gjekk eg ruta utover Langeberga mot stauren. På toppen rett oppom tok eg opp snutten under. For ja min santen traff eg på folk her ute òg. Det er ikkje just så ofte det skjer. Men faktisk to gonger på rad no. Etter å ha kome dei i møte ser eg det er Anita D.R. med dotter og kjærasten. Så fekk eg meg dagens andre fjellprat. Å treffe fjellfolk i fjellet synest eg er veldig kjekt. Ikkje minst sprudlande og utadvende jenter...😎




Vel, medan dei gjekk ned igjen ranen, gjekk eg ned igjen ruta til Neset. Men forsyne meg traff eg ikkje på madamen og Sissel òg. Ja, det var nesten ikkje måte på for eit folketreff det vart i dag. Kanskje ikkje så rart med den nydelege Langfredagen vi fekk servert oss. Ja, herleg - rett og slett for å leve oss gjennom nokre nye regnversdagar med korona og greier. 


Neset i Stongfjorden.
Her startar rundturen til Moldura og Størdalsstauren.




Ingen kommentarer: