søndag 12. mai 2024

TiTur Dalsfjorden Atløynipa




Eg har opp gjennom åra skrive fleire blogginnlegg om turar på Atløyna. Mellom anna Creme de la Creme. I år står Atløynipa på programmet for TiTur Dalsfjorden. Og i dag gjekk broder Sillan, svigerinne Tone, Olaug og eg den flotte turen frå Eide til Nipa. Veret var delvis skya, god temperatur og sola stakk seg fram ut på dagen. 

Som før om åra må eg berre få gi ein stor applaus for stirydding og merking av løypa. Ja, forsyne meg hadde ein brukt kantklyppar langs vatnet og eit stykke opp i skogen. I tillegg var her lagt ut ny plank og steinsett myrar lenger oppe i fjellet. Imponerande. Når ein veit kor fort havskodda sig på her ute er dette eit veldig viktig sikkerhetsmoment for at folk kan ferdast trygt (sjå bildelink).

Elles hadde vi ein flott matpause på toppen i den varmande sola. Ein veldig kjekk og sosial tur. Tusen takk for turen. 

Foto Atløynipa 120524

Ingen kommentarer: