fredag 31. mai 2024

TiTur Dalsfjorden komplett

 

Vidsyn med Velaug, Connie, Sissel og Olaug

Tingstusteinen med Velaug, Connie og Olaug

Polleneset med Velaug, Olaug, Sissel og Connie

Lisetstølen/Nigardstølen med Olaug, Connie og Velaug

Høgevarden 

Høgefjellet og Havreheia med Olaug

Furefjellet med Olaug

Fredensborg med Velaug, Olaug, Sissel og Connie

Atløynipa med Sillan, Tone og Olaug

Foto Olsetåsen vantar...

Ei kort oppsummering og nokre bilder frå TiTurDalsfjorden. 

Turane i år var vel heller av det lette slaget. Lengste postane til Atløynipa og Havreheia. Og kanskje dei to flottaste òg. Rett nok er det betre utsikt frå Høgefjellet som du først går på når du skal på Havreheia.Vidsyn, Polleneset og Fredensborg var jo fantastiske turar òg. Om ikkje så lange. Furefjellet med nydeleg utsikt til Staveneset og øyane i vest. Liset-/Nigardstølen og Tingstusteinen er òg greie turar med flott utsikt mot Rivedal og Holmedal. På Høgevarden såg eg "ingenting" på toppen. Men ser frå andre foto at her er nydeleg utsikt spesielt til Flekke, Flekkefjorden. Takkar elles for god merking denne dagen eg var her. Olsetåsen var så kort at eg gløymde å ta bilde...

Oppsummert kan eg såleis igjen seie at turane var veldig bra. Turar for alle og ein kvar. Og det er vel nettopp det som er meininga med TiTur - å få flest mogeleg ut på tur! Så her er det berre å pusse skoa og kome i gang om du ikkje allereie er det! Her er lang tid igjen av årets sesong. Heilt til 1.oktober. God tur!

P.S. Eg fullførte årets postar med Havreheia 20.mai. Og alle turane var veldig godt merka. Applaus til alle som har teke på seg det flotte dugnadsarbeidet med merking og tilrettelegging. Ei spesiell takk til John Lien, Ingeborg Tysnes og Indre Sunnfjord Turlag for organiseringa av dette flotte tiltaket.  

Ingen kommentarer: