mandag 6. mai 2024

Fantastisk TiTur kveld


Velaug, Connie, Sissel, Olaug og unterteikna på Vidsyn 


Fredensborg


Eg slo følgje med Fjellgeitene på ein flott TiTur "ekspedisjon" på sørsida av Dalsfjorden i går ettermiddag. Med tjukk skodde på morgonen heime, var turen litt usikker. Men det letna litt utover dagen. Og med ferjeavgang frå Askvoll til Fure 15.15 såg det lysare ut i veret. Seinare på ettermiddag og kveld vart det retteleg flott med sol og vindstille vèr. 

Vi starta første post på programmet frå Furset til dagsturhytta Vidsyn. Det var god og tørr sti heile vegen opp. Ein ganske lett tur på ca ein halvtimes tid. Vi trefte kjentfolk då vi nærma oss hytta. Her oppe er det nydeleg utsikt. Rett nok låg det skodde i nord og delvis i vest, men sola varma i det vindstille veret. 

Etter ein liten pause bar det så ned igjen same vegen og ein biltur til Fredensborg på Tysse. I eit fantastisk kveldslys, og blant nydelege tre og i gamalt fargerikt lauv, vandra vi opp den korte vegen til posten. På Fredensborg ligg det ein privat gravplass. Her har det nyleg blitt saga ned to eldgamle tre som ikkje skulle fjernast. Nokre gedigne trestubbar står att framfor plassen! Diverre går det ikkje alltid som planlagt i Fjaler kommune... 

Fredensborg


Vi sat ei lita stund her oppe i det flotte kveldslyset før turen gjekk vidare til Haugland. Her vandra vi ut stien langs fjorden til Polleneset. Også her traff vi kjentfolk som var innom posten i den praktfulle kvelden med kveldsol, svaberg og vika med sand. Ein flott badeplass vi brukte i gamle dagar der vi kom med båt frå Dale. 

Fjellgeitene på Polleneset

Med dette var fekk vi registrert tre postar på årets TiTur. På ein aldeles nydeleg vårkveld. Vidsyn, Fredensborg og Polleneset er greie og lette turalternativ for folk i alle aldrar. 

Foto Vidsyn, Fredensborg, Polleneset 050524

Ingen kommentarer: