tirsdag 28. mai 2024

Mat inkludert trim


Siktanuten i dag

Eg fekk lyst til å ta turen oppom Siktanuten i dag sidan eg måtte ei handlerunde til Askvoll. Lenge sidan eg har vore på denne trimposten. Kjekt var det! Litt væte i graset etter nedbøren i natt. Så noko våt vart eg på føtene. Sjølv om temperaturen ikkje er så høg som den var tidlegare i månaden var det ikkje noko problem bli litt våt. Ned igjen fekk eg på meg 10 regndråpar. Ikkje allverda...😁Fin trimtur!

Ingen kommentarer: