onsdag 1. mai 2024

Tøffe damer

Litt forfrosne, men med tørre klede....

 

Regnet er over, men svate skyer ligg att i nordvest|

Det vart eit rimeleg kald og våt tur opp den gamle ruta "mi" frå Neset i Stongfjorden til Fanafjellet i dag. Ei solid regnbyge og ditto vind møtte oss ovanfor skoggrensa ved Langedalen. Midt i mot. Så det vart både kaldt og vått! Ja, valne nevar òg. Heldigvis hadde både Tordis, Olaug og eg med oss klesbyte. Så på toppen vart det fullt skifte! Men etterpå letta det heldigvis opp igjen. Og ned att måtte nokre av klede av. Ja, slik er våren. Frå vinter til sommar og tilbake. Men no er heldigvis vèrmeldingane veldig gode nokre dagar. Fin og tøff tur!

'Foto Fanafjellet 010524

Ingen kommentarer: