onsdag 8. mai 2024

TiTur Høgevarden i Flekke

Dagens selfie

Ganske tjukk skodde på Høgevarden i dag tidleg

Eg tok turen til Dale og vidare til Stav i dag tidleg og gjekk på TiTur posten på Høgevarden. Trur ikkje eg har vore på dette fjellet før (?)... Det var opplett, men ein del skodde. Spesielt oppe mot toppen. Då var det veldig kjekt at det var godt merka med merkestenger over skoggrensa. Applaus! Dessutan var stien synleg. Elles litt vått i enkelte parti. Flott og grei tur for dei aller fleste dette.  

Ingen kommentarer: