søndag 2. juni 2024

Nydelege Fossedalshengenipa


Med Olaug og Tordis på Fossedalshengenipa i dag


Blide damer snart på toppen...

Blide damer på toppen...

Super tur med Tordis og Olaug til fjelltrimposten på Fossedalshengenipa i dag. Delvis skya, vindstille og bra temperatur. Som rett nok fauk både opp og ned alt ettersom sola stakk gjennom skyene. I det høve kom  eg på den gamle blødma at eg sikkert såg ut som ein kleshengjar på veg oppover....😁

Turen gjekk den vanlege standardløypa frå Markavatnet til Krokavatnet og vidare opp dalen. For deretter å kløyve opp sjølve konglomerat ryggen. Vi traff elles to kjende og ivrige poengsankarar på turen. Og slo sjølvsagt av ein liten passiar med dei. På toppen hadde vi ein lengre pause med mat, klementinar, drikke og sjokolade. Veldig sosialt! 

Elles kjekt at Tordis R. fekk sjekke ut Fossedalshengenipa på årets fjelltrim også. Nesten i mål med ei rute på trimmen no. Takk for turen. 😄 

Foto Fossedalshengenipa 020624

Ingen kommentarer: