fredag 7. juni 2024

Himmelens sluser

 






 

Eg vart møtt med ei heidundranes haglebyge ute i Holevika i dag. Og på den nyleg tilrettelagde parkeringsplassen (bravo) vart eg ståande i minst 10 minutt før byga gav seg. Det var nesten som om hagla skulle kome gjennom biltaket!! Det vart valne fingrar oppover i den kalde vinden og lett regn. Og torèveret dundra lenger aust. Men på Furefjellet skulle eg. Kunne ikkje køyre ut der utan.  

Etter nokre minuttar oppe i bakkane snudde vèret heilt. Og som han skreiv i stilen - sola skein som ho var gala 😄Men du verda kor vått det var i stien oppover. På toppen var det flott. Rett nok litt vind heilt her ute i havgapet. Ned igjen var det berre å gje gass før neste byge segla inn frå sør... Flott TiTur-trim!

Ingen kommentarer: