tirsdag 18. juni 2024

Nokre bilete sidan sist...

Decor syng under torgdagen i Dale 15/6

 

Trilletur på Nordnes i Bergen med Olaug, Øyvind, Ingrid Anita og Marie (fotograf) 11/6

Bergenfest 12/6

ds

Torgdag i Dale 15/6

Marie på Arnarsonmila 15/6 
 
Marie og Øyvind 15/9

Heime på Yndestad 16/6 med Andrea, Olaug, Margunn og Marie

Sidan siste oppdatering har vi vore nesten ei veke i Bergen med barnepass og Bergenfest. Ganske heldige ved vèret og flotte opplevingar. Programmet på Bergenhus var veldig bra på onsdagen med m.a. Susanne Sundfør, Sivert Høyem, Motorpsycho og P.J.Harvey. Stappfullt med folk og høge stemning! 

Det same kan vi vel seie om Arnarsonmila og torgdagen i Dale førre helg. Om enn ikkje like heldige med vèret. Iallefall på morgonen. Men kjekt var det iallefall å treffe mykje gamalt kjentfolk. Flott tradisjon med dette løpet frå Rivedal til Dale. Med god deltaking og mange ungar som òg sprang. 

Elles får vi sjå om ikkje det blir anledning til ein fjelltur etter gamalt. No har det ikkje akkurat vore særleg vèr for det heller i det siste. Og ikkje første prioritet heller lenger. Men vi får håpe vèret snart snur. 

Ingen kommentarer: