torsdag 25. august 2022

Fjelltrimtoppar 2023...?

Frå bildeserie Under open himmel på Eitrenipa

I det dårlege vèret har eg teke ein smugkik på det som etter programmet er nye fjelltrimpostar for 2023. Oppstart i byrjinga av oktober. Her dukkar det opp mange kjende og kjære fjell. Spesielt vil eg seie at Eitrenipa er ein av favorittane mine. Som sagt fleire gonger før. Fjellet høyrer til Kvammen sida av kommunen. Men også fint tilgjengeleg gjennom Fossedalen og Eitreskaret (sjå foto frå Fossedalshengenipa). Frå Skorvemarka i Kvammen går ruta som kjent via dei idylliske Leknesvatna

Eitrenipa t.v.frå Fossedalshengenipa

I Rivedal står Stølsfjellet på programmet. Ein relativt enkel tur via Lisetstølen/Nedgardstølen. I nordvest-enden på Vagstaddalen. Som Eitrenipa noko bratt i oppstigninga mot toppen. Vinterstid kan dette vere utfordrande. Men då kan ein med fordel gå opp dalen på nordsida og vest til toppen. 

Høgeheia høyrer til Stongfjorden-sida av kommunen. Fjellet treng vel ikkje nok nærare beskriving. Det ligg som høgste punktet ute ved Staveneset. Godt merka og god sti allereie. Her er det forresten 4 fester for hengekøyer om nokon vil overnatte i solnedgangen. 

Og så kjem vi til Dokka. Kjært fjell i Holmedal. Av mange karakterisert som de vakraste i kommunen. Iallefall med ei fantastisk utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga ikring. Greie og merka ruter opp ranen i aust eller via Nyksvatnet/Nykshytta i nordaust. Under bildeserie her i frå òg.

Til sist av dei obligatoriske og sannsynlege postane på fjelltrimmen neste år, er Hjartåsen i Askvoll. God sti inn ved Presteelva og på vestsida av Askdalen. Ein ganske enkel og grei heilårs-tur. 

Blegja er som vanleg fast post, men ikkje obligatorisk å gå på. Under ein bildeserie her i frå òg. 

Som vi ser er det mange kjekke toppar å gå på frå hausten av. Noko for ein kvar smak - og ei kvar årstid. Hugs tryggleiken og God tur!

Ingen kommentarer: