søndag 24. juli 2022

Flott Sognatur

Osen ved Åsetvatnet (860 moh) i Skjolden

ds

Olaug og eg hadde oss ein flott tur til Sogn frå torsdag til søndag. Første stopp i Veitastrond og eit besøk på den nye Tungestølen etter at den gamle blei fullstendig knust til pinnved i orkanen Dagmar. Her oppe var det rikeleg med turistar. Mest utanlandske. Vi tok oss ein kopp kaffi og eit kakestykke og kunne nyte den nydelege utsikta både nedover og oppover dalen mot Jostedalsbreen. Eg hadde aldri vore i Veitastrond. Og vart ganske overraska over kor langt det var inn frå Hafslo. Dessutan kor smal og kronglut vegen var...😆 For ikkje snakke om tunnelane...

Utsikt ved Tungestølen i Veitastrond


Etter Tungestølen stod Skjolden på programmet for resten av helga. Der vi sjekka inn på Skjolden Hotell for ei overnatting torsdag. Her inne traff vi så Torbjørn, son til Olaug, og Ingrid Anita, sambuar, og ungane. Dessutan eit besøk hjå Anders og Ingrunn, foreldra til Ingrid Anita. Som bur i Skjolden. 

Skjolden hotell, torsdag


Hotellet i Skjolden var heilt greitt. Frukosten fredag likeeins. Deretter bar det til fjells til Osen med 6 av oss. Til hytta som Ingrid Anita eig i lag med syskena. Hytta ligg på 860 moh med tildels ganske hard stigning opp frå Mørkri.


Med tung last oppover dei bratte bakkane gjorde det godt å kome seg fram til hytta. Ikkje minst for dei to minste som på små føter hadde kome seg heilt opp. Vel, med litt hjelp då. Det vart ein perfekt ute kveld i nydeleg vèr. Med panoramautsikt til Hurrungane. Og med løyst fiskekort og båten på vatnet vart det middag lørdagskvelden. 

Ingrid Anita og Olaug ved Krekafossen i Åsetelvi 
på veg til Osen, fredag


Utsikt til Hurrungane frå hytta på Osen. 

Lørdagen brukte vi elles til ein flotte fjelltur til Ofsarvatnet, 1002 moh. Her oppe fann vi snø. Og masse flott reinlav, sjå fotoserie. Vi hadde oss ein flott pause med innlagde forfriskningar og snop til ungane. Her oppe høgt til fjells. Ja, ungane storkosa seg! Nede på hytta att vart det nok ein fin kveld på terrassen med den nydelege utsikta. 

Idyllisk ved Osen

Etter frukost i dag, søndag, var det så tid for retur til Skjolden. Og deretter heim att. (For Olaug skal på jobb igjen i morgon). Men ein tur opp til Anders og Ingrunn måtte vi ha for ein prat og ein dusj. Og her vanka det kaffi og nylaga gjærbakst! Ja, snakk om service. Heim igjen reiste vi både gode og mette. Og med ei god bør jordbær av året i bagasjen. I tillegg til alle dei flotte opplevingane. Tusen takk for ei flott sognahelg!

Mobilfoto Tungestølen Skjolden Osen ved Åsetevatnet 2107-240722

Ingen kommentarer: