torsdag 28. juli 2022

"Fossekallen" drama

På Driveknolten i dag - og framleis tørr...!

Flott morgontur frå Rivedal og inn på Hundeheia og vidare til fjelltrimposten på Driveknolten i dag. Dette er den lengst turen på årets program. Driveknolten ligg omlag midt på Heileberget. Kart her: 

Som eg sikkert har skrive mange gonger før er det fantastisk utsikt over bygdelaga kring Dalsfjorden frå denne turen. Spesielt når du kjem opp på toppen av skaret ved Høgknolten. 

Utsikt ved Høgknolten

Og frå toppen av Driveknolten i nord er det nydeleg utsikt til Nipebu-traktene og fjella kring Fossedalen.

Langevatnet med Nipebu midt i bildet - 
vi ser elles Markahengenipa og Fossedalshengenipa

Turen inn gjekk i kjøleg, men god tur-temperatur. Med ein liten trekk frå søraust. I flott solskin. Reine nytelsen. Idyllen ispedd beitande og rolege sauer heile vegen innover Heileberget. 

Eg returnerte same ruta. Var inne på tanken om å gå til Dale. Men så er det noko med henting og bringing som ikkje alltid er like enkelt. 

Ved Hundeheia, med utsikt til demningen og elva i Rivedal, vart eg i stuss over det store overløpet av vatn. Det var ikkje slik då eg gjekk over elva på morgonen. Då gjekk eg enkelt over der eg brukar, ved den store steinen eit stykke nede om demningen. Men då eg kom ned hit var elva skikkeleg stor. Kul umuleg å gå over her. Så eg gjekk eit stykke lenger ned og prøvde meg over. Med det resultat at eg låg langflat i den fossande elva og botna med vatn til opp på magen. Å hei og hei korleis dette måtte gå... I forfjamselsen miste eg eine staven - den fòr siglande nedstraums og eg såg han ikkje att. Svarte svingande! Enden på visa var at eg måtte gå Vindheim-sida ned til husa her. Og vada meg over elva ved ein høveleg stad sidan eg allereie var våt. Så eg kom no meg ned igjen på eit vis i dag òg - med ein stav fattigare og svalande våt i solsteiken... 

Driveknolten S&N til høgre frå ruta inn Heileberget


Ja, ja - eg har ein ekstra stav heime - etter at den andre bles seg ut for stupa på nordsida av Toreheia. Eg tvilar vel på at denne eller "fosse-staven" nokon gong kjem til rettes... Ein stav er no ein stav - det er verre om det går gale med Gustav(a) eller dagens fossekall...😁 


Ingen kommentarer: