torsdag 29. september 2022

Nydeleg merketur

Dagens selfie (på 10 sekund) på Eitrenipa


Mot vest - Fossedalshengenipa mot høgre

Leknesvatna i bakgrunnen


Nydeleg merketur til Eitrenipa frå Skorvemarka i dag. Start ved Markavatnet klokka 09. Kjempegreie at eg fekk avtalt med Agnar om å bli med. Utan han måtte eg nok brukt minst to turar på same jobben. 

Reint fantastisk å vandre inn nordsida av Leknesvatna til vadet inne mot Leknesstølane. Blikkstilt. Nydeleg morgonsol over fjellet der i aust. Så karakteristisk i si form. Godt synleg frå Florø og Dale. Kanskje mitt favorittfjell i kommunen. Det har utruleg flott utsikt i alle himmelretningar. Inn til Blegja, sør til Dale, Kringla og Heileberget, vest til heile Nipebu-traktene og nord til Florø. I nordvest nydelege fjell mot Ålfoten og Nordfjord. 

Jobben og turen fekk vi unnagjort på omlag 6 timar. Fjellet er post på den nye fjelltrimmen til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). For oss pensjonistar er vel dette å rekna som ein bra lang tur. Møyra i kroppen var vi begge då vi kom ned igjen. Stor takk Agnar!  

Mobilfoto Eitrenipa 290922

2 kommentarer:

Agnar sa...

Og i sør ser vi Stølsheimen, i nordaust Snønipa og Jostedalsbreen inn mot Høgste Breakulen.

Gustav Skaar sa...

Tusen takk Agnar. Du veit veldig mykje om desse områda. Eg er vel meir for "heimeføing" å rekna...:-)