mandag 31. januar 2022

Leknesvatna og Eitrenipa/Ertrenipa/Ertrefjellet 856 moh…

Solnedgang over Dale frå Eitrenipa


Utsikt vestover frå Eitrenipa. Fossedalshengenipa t.h.

…kjært barn har mange namn.


Det er mange flotte turmål på Askvoll-halvøya. Både fjell, øyar og nes. Dei fleste fjella har ei høgde på 600-800 moh. Nokre høgre. Ein fellesnemnar er at dei har flott utsikt til fleire fjordarmar, ymse bygdelag, havet og eit panorama av andre fjell. Spesielt i soloppgang eller solnedgang kan ein få assosiasjonar til eventyrbøker frå Asbjørnsen & Moe med illustrasjonar av Kittelsen.

Vel, før eg rotar meg vekk i norske folkeeventyr er dette meint som eitt turtips. I grunn er det nesten hipp som happ kva eg vel. Frå dei heilt enkle familieturane med ungar og beremeis sommarsdagen til dei noko meir krevjande vinterstid. Når eg no har snurra lukkehjulet stoppa det på Eitrenipa. Eg må innrømme at dette er ein av mine personlege favorittar på grunn av den fantastiske utsikta, og dei nydelege rutene opp. For det er nemleg 4 gode ruter til Eitrenipa.

Oversiktsbilde: Eitrenipa t.v med ruter opp m.a. frå Fossedalen


Du kan gå frå Dalsfjordsida og Fossevikja til Fossedalen. Vidare langs austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen, og så opp Eitreskaret. Midt i skaret tek du opp skåra på vestsida. Du kan òg gå opp heile skaret, og gå den relativt slakke stigninga til toppen frå aust. Dette er ein nydeleg tur gjennom gamalt kulturlandskap. I Fossedalen er det òg mange gamle kulturminne. Flott kulturlandskap og velhaldne hus og hytter.


Panorama mot sør og vest

Elles er Eitreskaret ein fin innfallsport til Eitrenipa dersom du kjem frå DNT-hytta Nipebu. Toppen er ein flott avstikkar frå den merka ruta frå Nipebu til Massbu, eller omvendt om du kjem frå Laukeland og går mot vest.

Ei anna rute er å gå frå lenger aust og Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Denne ruta er òg bra varda. Dessutan seier vegen mykje seg sjølv her oppe i det alpine landskapet. Du har Dalsfjorden på venstre sida og Førdefjorden på høgre sida, og ser toppane frå aust mot vest.

Den fjerde ruta er å gå opp frå Førdefjordsida. Her er ei meir detaljert skildring av den.

Du tek av eit par kilometer før Flokeneset (om du kjem frå Førde) i utkanten av tunnelen, der det står skilt til Skjerli. Tek av hovudvegen der det står skilt til Nipebu. Køyrer inn til austenden av vatnet, og parkerer der på god parkeringsplass. Du går så opp den gruslagde vegen mot sør og gjennom grinda. (Skal alltid vere leten att frå vår – haust). Følg den vegen rett opp til den sluttar (T.h. går stien til Nipebu) og ta over brua. Gå så stien opp og austover. Ved Eitrefossen går det ein løypestreng ved eit hammarslag. Opp denne må du for å kome deg vidare opp til Leknesvatna. Stålstrengen er elles god og trygg å halde seg i. Over denne kjem Eitrefossen ut. (Du ser elles fossen i aust når du svingar bilen inn til Markavatnet). 

Frå toppen av Eitrefossen
Skorvemarka bak i midten

Ovanfor hammaren med stålstrengen kjem Eitrefossen ut

Frå toppen av hammaren her er det umåteleg flott utsikt til fleire avsatsar og lagunar med rennande vatn og småfossar. Her er dessutan fin fjellkjø. Og mot vest opnar landskapet seg opp mot havet og øyane ved Florøkanten. Om sommaren er det fint å ta seg eit herleg bad med havutsikt… Mot sørvest dukkar Fossedalshengenipa opp.

Fossedalshengenipa frå ruta til Eitrenipa

Austover langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida av vatna. Her er bra sti og merka med vardar. Litt småkupert, men lett å ta seg fram. Det er nydeleg utsikt austover langs ruta. Eitrenipa kneisar i søraust-enden av vatna med den karakteristiske forma si. Heile vegen austover ser du Blegja og Eitrenipa. Høgefjellet ligg i nordaust. I enden av første vatnet går du over vadet mellom vatna for å komme deg sør om. God bru over elva. Særs idyllisk med utsikt aust og vest til kvar av Leknesvatna. Og du kan sjå med fryd opp på det majestetiske målet…

Vadet ved Leknesvatna

Tyngste biten på Eitrenipa er frå Leknesvatna og opp. Ganske bratt og litt krevjande. For dei som ikkje ynskjer seg til toppen av fjellet, har likevel turen vore flott opp hit til Leknesstølane. Ruta og retninga vidare opp seier seg sjølv. Men du føl den lange “grasbakken” opp sørover til du kjem opp under kanten på fjellet. Ligg det snø kan det vere ein fordel å krysse seg opp. Ta litt bort (sør) flata heilt under bratte fjellet. Så tek du opp skåra til venstre (aust). Deretter den lengre og ganske bratte skåra opp til høgre (sør). Høgt og midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre igjen (aust) – og du er aldri i tvil om retningen…!

Siste partiet på Eitrenipa kan vere utfordrande vinterdagen

Eitrenipa nord/nordvest

Eitrenipa har to jamnhøge toppar. Fjellet hallar bratt utfor mot vest, sør og nord (sjå foto). I austleg retning er det ikkje så bratt. Eitreskaret ligg i sørvest. Herifrå kan du gå til Massbu/Nipebu/Fossedalen. 

For å rekne litt grovt på det, bør du ha tre timar frå Markavatnet til toppen. Avhengig av form, deltakarar og årstid. Om vinteren bør du ha isbroddar eller stegjern i sekken, då det kan vere hardt og isete i stigninga mot toppen. Første delen av turen er litt kronglut for skigåing pga skog/lendet, men det er godt skiterreng ovanfor fossen. Elles er trugar eit godt hjelpemiddel som eg har hatt mykje glede av dei seinare åra.

Eitrenipa sett frå vest med ruta opp frå Leknesvatna

Eitrenipa er kanskje det fjellet i Askvoll som har flottast utsikt mot vest av alle turmåla i kommunen. Du har ei panoramautsikt til resten av Askvollhalvøya, vatna, fjella, havet og øyane mot Florø-kanten. Mot nordvest ser du Leknesvatna, Førdefjorden, Håsteinen og Ålfotbreen. I aust ser du mot Jostedalsbreen, Blegja og Storehesten. Og i sør Fossedalstraktene, Dalsfjorden, Laukelandshesten, Kringla, Heileberget og Dale.

Leknesvatna og Eitrenipa er framifrå turmål i Sunnfjord som eg spesielt anbefalar sommarsdagen. Om vinteren kan siste biten frå nord vere litt krevjande.


Ingen kommentarer: